Dei fem er mistenkte for å ha planlagt eit angrep mot paven under opphaldet i London, truleg i samband med ein rundtur med bil.
Sky News melder at dei fem arbeider som gatefeiarar, og at dei kjem frå Algerie. Dei skal ifølgje fjernsynskanalen etter planen utføre arbeid langs ruta til paven i London.
Politiet undersøkjer no eit forretningslokale i sentrum av London og bustader nord og sør i byen. Det er hittil ikkje teke beslag i våpen eller andre «farlege» gjenstandar, blir det opplyst.
Fredag ettermiddag vart ein sjette person arrestert nord i London.
Ein talsmann for Vatikanet seier at dei har full tillit til at britisk politi greier å passe på paven, og at Benedikt XVI sjølv er roleg og ved godt mot.
Planar ikkje endra
Paven sine planar for London-besøket er truleg ikkje endra som følgje av arrestasjonane.
Ein gjennomgang politiet har gjort viser at planane ikkje treng endrast, heiter det i ei fråsegn frå Scotland Yard.
Fem av dei mistenkte vart arresterte i London tidleg i dag, etter at antiterror-politiet mottok informasjon om ein mogleg trussel.
Dei fem mennene er 26, 27, 36, 40 og 50 år gamle. Dei vart pågripne i ein væpna operasjon mot eit forretningslokale i London. Undersøkingane av lokalet er ikkje ferdig, opplyser politiet.
Katolsk høgskule
I ettermiddag er pave Benedikt XVI på besøk ved den katolske høgskulen St. Mary's i det vestlege London. BBCs reporter Emily Buchanan, som dekkjer pavebesøket, fortel at tryggleikstiltaka rundt paven er ekstremt omfattande.
Politi-toppar i England og Skottland har brukt fleire månader på å planleggje tryggingstiltaka i samband med pavebesøket. Tiltaka er venta å koste over ein milion pund, over 10 millionar norske kroner, melder BBC.
Arrestasjonane i dag kjem etter at sjefen for den britiske etterretninga MI5 har åtvara om faren for at nordirske ekstremistar kan angripe mål på det britiske fastlandet.
Han peika også på faren frå Al Qaida-tilknytte grupper med band til Jemen og Somalia.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: