Hopp til innhold

ETA erklærer ny våpenkvile

Den baskiske separatistorganisasjonen ETA har på nytt erklært våpenkvile.

Video ETA erklærer våpenhvile

NETT-TV: ETA har i ein video erklært ny våpenkvile.

ETA vil ikkje utføre væpna aksjonar i kampen for sjølvstende. Dette er gjort for å få fortgang i den demokratiske prosessen, heiter det i ein video som vart lagd ut på video tidlegare i dag.

LES OGSÅ: – ETA er sterkt svekt

Demokratisk prosess

ETA har også tidlegare erklært førebelse våpenkviler. Det går ikkje fram av videoen om dette er ei varig eller førebels våpenkvile.

- ETA forpliktar seg til ein demokratisk prosess som skal avgjere framtida vår gjennom dialog og forhandlingar, dersom den spanske regjeringa er viljug til det, heiter det i videoen.

Fredag oppmoda ETA si politiske grein, partiet Batasuna og Eusko Alkartasuna, til å gå med på ei permanent våpenkvile, og til å vere med på eit internasjonalt forsøk på å skape eit vegkart for fred.

Den spanske regjeringa seier i ein kommentar at utspelet frå ETA er eit positivt steg, men at det er for tidleg å sleppe jubelen laus.

ETA erklærte ei permanent våpenkvile i mars 2006, men statsminister Jose Luis Zapatero avslutta fredsprosessen seinare same året etter at ETA detonerte ei bombe ved flyplassen i Madrid, der to ecuadorske statsborgarar vart drepne.

850 drap

ETA er ansvarleg for rundt 850 drap i løpet av dei 40 åra organisasjonen har kjempa for eit fritt Baskarland i det nordlege Spania og det sørlege Franrkike. Organisasjonen er sterkt svekt etter at fleire topplearar er arresterte dei siste åra.

Mannen som blir rekna som toppleiar i ETA vart arrestert i det nordlege Frankrike i februar i år.

Både EU og USA har ETA på sine lister over terrororganisasjonar.

LES OGSÅ: Antatt ETA-leder pågrepet

LES OGSÅ: ETA-mistenkt mann arrestert i Portugal

LES OGSÅ: ETA-leder pågrepet i Frankrike

LES OGSÅ: ETA-veteran vil ikke ha vold

SISTE NYTT

Siste nytt