Hopp til innhold

Taliban truar Europa og USA

Pakistansk Taliban trua i dag med i løpet av kort tid å angripe mål i Europa og USA.

Dei mest ettersøkte terroristane i Pakistan. Qari Hussain Mehsud er øvst til venstre.

Dei mest ettersøkte terroristane i Pakistan. Qari Hussain Mehsud er øvst til venstre.

Foto: AFP

Amerikansk droneangrep

Det er førarlause fly av denne typen USA brukar i angrep mot opprørarar i Pakistan.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

Dette skjer berre to dagar etter at USA sette Tehrik-e-Taliban Pakistan (TTP), også kalla Taliban Movement of Pakistan, på si terrorliste.

- Redde for oss

- Dette viser at USA fryktar oss. Det viser at Barack Obama og hans allierte er redde for oss, sa Qari Hussain Mehsud, ein av leiarane for organisasjonen på telefon til nyheitsbyrået Reuters i kveld. Meshud sa også at det er Obama og venene hans som er dei verkelege terroristane.

Meshud går også under namnet «Ustad-e-Fidaeen», som tyder «læraren til sjølvmordsbombarar».

- Snart vil vi angripe Amerika og Europa, vi skal ta hemne for droneangrepa, sa Meshud. Han gjorde det også klart at angrepa i Pakistan og i Afghanistan vil halde fram.

Angrepet i Quetta skjedde midt under markeringa av Al Quds-dagen.

Angrepet i Quetta fredag var retta mot sjiamuslimar som markerte Al Quds-dagen.

Foto: RIZWAN TABASSUM / Afp

- Pakistan er ein alliert av USA, og vi vil angripe alle som arbeider for den pakistanske regjeringa, sa han.

I dag vart minst fire opprørarar drepne i eit amerikansk droneangrep mot ein bil i Nord-Wasiristan. Berre ein time tidlegare vart seks mistenkte opprørarar drepne i eit anna angrep frå eit førarlaust fly i same området.

Angrep på sjiamuslimar

Taliban tok i kveld på seg skulda for angrepet mot eit sjiamuslimsk opptog i den pakistanske byen Quetta i dag, der 54 menneske vart drepne og rundt 160 såra.

- Vi er stolte av å stå bak angrepet i Quetta, sa Meshud i telefonsamtalen med Reuters. Han sa angrepet var hemn for at sjiamuslimar hadde teke livet av sunnimuslimske imamar tidlegare.

Opptoget i dag var for å markere Al Quds-dagen, Jerusalem-dagen, og det vart protestert mot USA og Israel og til støtte for palestinarane.

Tidlegare i dag tok Taliban i Pakistan også på seg skulda for sjølvmordsangrepet mot ein sjia-prosesjon i storbyen Lahore sist onsdag, der minst 33 menneske vart drepne.

Dene pakistanske hæren har lenge varsla ein offensiv i Nord-Wasiristan, eit område der Taliban og andre Al Qaida-tilknytte grupper har tilhaldsstadene sine.

Men flaumen i Pakistan den siste tida har gjort at offensiven er utsett inntil vidare.

Minst 53 vart drepne i eit angrep i Quetta 2. september 2010.

Pakistansk Taliban har teke på seg skulda for sjølvmordsangrepet i Quetta fredag der minst 53 menneske vart drepne.

Foto: BANARAS KHAN / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt