Hopp til innhold

Må betala 200 milliardar for oljekatastrofen

Den endelege prislappen på BPs oljekatastrofe i Mexicogolfen blir truleg på 200 milliardar kroner.

BPs oljebrønn i Mexicogolfen

Ei fjernstyrt maskin i nærleiken av den øydelagde oljebrønnen i Mexicogolfen.

Foto: HO / Reuters

Kostnadene knytt til ulukka på oljeriggen «Deepwater Horizon» utanfor kysten av Louisiana i USA den 20.april i år, når stadig nye høgder.

Beløpet er no på svimlande 8 milliardar dollar, eller om lag 49 milliardar norske kroner.

Berre toppen av isfjellet

Utgiftene omfattar blant anna tiltak for å stogga lekkasjen, oppsamlingsarbeid, bevillingar til dei berørte amerikanske delstatane og erstatningsutbetalingar, opplyser BP i ei kunngjering fredag.

Men den britiske oljegiganten må framleis grava djupt i lommane for å bøta for dei enorme skadene. Eit anslag selskapet sjølv har gjort, konkluderer med eit totalbeløp på heile 200 milliardar norske kroner.

I gigantbeløpet inngår også lovnadene om å oppretta eit kompensasjonsfond på 20 milliardar dollar til innbyggjarar som er berørte av oljelekkasjen.

Enorme øydeleggingar

Eksplosjonen på oljeriggen kosta 11 arbeidarar livet. To dagar etter ulukka, sank boreriggen i sjøen og resulterte i den verste miljøkatastrofa i amerikansk historie.

Over 190 kilometer av USA si kystline mot Mexicogolfen har blitt forureina av olje.

Ifølgje amerikanske styresmakter har meir enn 780 millionar liter olje lekt ut som følgje av eksplosjonen på Deepwater Horizon.

Den 15.juli greidde BP å få stengt ventilane i oppsamlingshetta som blei plassert over den skadde oljebrønnen. Men før brønnen kan stengast permanent, må avlastingsbrønnane borast ferdig.

14 dagar til forsegling

Torsdag denne veka fjerna BP ein «Blowout-Preventer» (BOP) - ei hette som blei nytta i eit mislykka forsøk på å stengje for olja den øydelagde brønnen spydde ut.

– Fjerninga av BOP-en var eit viktig steg i arbeidet med å «drepa» brønnen ein gong for alle, fortel ein talsperson for BP fredag.

No, 136 dagar etter den kostbare eksplosjonen, seier oljeselskapet at dei er knappe 14 dagar frå å få forsegla oljebrønnen for godt.

SISTE NYTT

Siste nytt