20.05.2013

20 drepne i moské i Pakistan

Kart

Wana i Sør-Waziristan

Kilde: Google Maps

Minst 20 menneske vart drepne i ein sjølvmordsaksjon i ein moské i Sør-Waziristan i Pakistan i dag.

Over 40 andre er såra, opplyser ein lokal tenestemann til nyheitsbyrået AFP. Det er frykt for at talet på døde kan stige.

Syed Noor, nevøen til imamen som heldt tale då sjølvmordsbombaren slo til, stadfestar at onkelen hans er død. Han fortel at onkelen er tidlegare politikar, og at han tilhøyrer det radikale sunnimuslimske partiet Jamiat Ulema-e-Islam.

LES OGSÅ: Terrorsiktet knyttes til nettverk

LES OGSÅ: Fire militante drept i Pakistan

Dette er ei gruppe som har vorte knytt til Taliban.

Angrepet skjedde i byen Wana, den største byen i Sør-Waziristan, som er eitt av dei sju distrikta som utgjer det lovlause området mot grensa til Afghanistan.

Pakistanske styrkar gjennomførte ein militær offensiv i området i fjor for å jage Taliban ut av Sør-Waziristan.

LES OGSÅ: Tolv militante drept i Pakistan

LES OGSÅ: 14 drept i droneangrep i Pakistan

LES OGSÅ: USA mangler bombebevis mot Pakistan

LES OGSÅ: «Død» Taliban-leder truer USA

Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden