Hopp til innhold

Farinas gir opp sveltestreiken

Den cubanske dissidenten Guillermo Farinas avslutta i dag den 135 dagar lange sveltestreiken som nesten tok livet av han.

Guillermo Farinas

Guillermo Farinas var døden nær for eit par dagar sidan. Her er han saman med legen sin, Armando Caballero, i mars i år.

Foto: ADALBERTO ROQUE / AFP

Farinas gjorde dette etter at cubanske styresmakter i dag gjorde det klart at dei ville setje fri 52 politiske fangar, opplyser opposjonsleiaren Gisela Delgado til det franske nyheitsbyrået AFP.

Men Farinas gjer det også klart at han vil ta opp igjen sveltestreiken dersom styresmaktene ikkje oppfyller løftet sitt om å setje dissidentane fri.

- Eit godt teikn

USAs utanriksminister Hillary Clinton karaktsererer frigjevinga av 52 politiske fangar på Cuba som eit godt teikn, men ho legg til at det burde ha vore gjort for lenge sidan.

Fleire europeiske land har også sagt at dette er ei positiv utvikling, men at alle politiske fangar må setjast fri.

Den cubanske menneskerettsorganisasjonen reknar med at det no er 167 politiske fangar på Cuba. Det er 11 millionar innbyggjarar i landet.

Sist måndag sende Farinas ut ei pressemelding der han sa at han veit at han er nær ved å dø.

Nær døden

- Eg er klar over at døden nærmar seg, og eg meiner det er ei ære, fordi eg prøver å berge liva til 25 politiske fangar og samvitsfangar som det er bruk for som leiarar i Cuba, stod det i pressemeldinga.

Og det heitte vidare: - Eg vil døy i heimlandet mitt framfor augene på dikatorar med pistolar, rifler, kanonar og bomber.

Legen hans, Armando Caballero, sa i helga til kommunistavisa Granma at den 48 år gamle dissidenten stod i fare for å døy på grunn av ein blodpropp han hadde fått i halsen.

- Dei einaste som er ansvarlege for min framtidige død, er brørne Fidel og Raul Castro, sa Guillermo Farinas tidlegare denne veka.

LES OGSÅ: Sultestreiker er døden nær

SISTE NYTT

Siste nytt