Hopp til innhold

- Semje om nye Iran-sanksjonar

- Kina, Russland og USA er samde om eit resolusjonsforslag om nye og harde sanksjonar mot Iran, seier USAs utanriksminister Hillary Clinton.

Hillary Clinton

USAs utanriksminister Hillary Clinton.

Foto: Mark Wilson / Scanpix/AFP

Resolusjonsforslaget vil bli presentert for medlemslanda i Tryggingsrådet i eit lukka møte i kveld lokal tid.

Satellittbilde av Natanz, hvor Iran anriker uran

Satelittbilete av Natanz, eitt av anlegga der Iran opprikar uran.

Foto: GeoEye/SIME / AP

Også Storbritannia, Frankrike og støttar forslaget, seier vestlege diplomatar til nyheitsbyrået Reuters. Om dette stemmer, har forslaget støtte frå alle dei faste medlemslanda i Tryggingsrådet.

LES OGSÅ: Kritiske reaksjoner på atomavtale

LES OGSÅ: - Avtale om iransk uran

«Sterke tiltak»

Hillary Clinton seier at forslaget er «sterkt». Fleire internasjonale nyheitsbyrå har sett teksten i forslaget, og her blir det blant anna foreslått forbod mot å selje tanks og andre tyngre våpen til Iran.

I forslaget til resolusjon blir det også teke til orde for at iranske skip kan stansast og undersøkjast både til havs og i hamner i utlandet, om det er mistanke om det er våpen eller delar eller materiale som kan brukast titl atomvåpen om bord.

Det skal også bli umogleg for Iran å investere i til dømes uranutvinning eller all aktivitet som har med utvikling eller produksjon av ballistiske rakettar.

Forslaget til resolusjon inneheld også sterke restriksjonar på iranske bankar sine internasjonale aktivitetar.

Iran har nyleg inngått ein avtale med Tyrkia og Brasil om byte av lågopprika uran mot atombrensel til ein forskings-reaktor. Forslaget som blir lagt fram for Tryggingsrådet i kveld vil truleg vere eit hardt slag mot denne avtalen.

Skepsis til avtale

Mange land er skeptiske til avtalen som er inngått mellom Iran, Tyrkia og Iran, spesielt etter at Iran har gjort det klart at landet framleis vil opprike uran til 20 prosent.

LES OGSÅ: - Iran i ferd med å gå tom for uran

LES OGSÅ: Iran fortsetter anrikning av uran

Luiz Inacio Lula da Silva

Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva vil diskutere Iran med vetomaktene i Tryggingsrådet.

Foto: JOEDSON ALVES / AFP

I ettermiddag seier ein av rådgjevarane til Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva at Tyrkia og Brasil gjerne vil delta i samtalar med dei fem faste medlemslanda i Tryggingsrådet og Tyskland, om Iran.

USA og dei andre vestlege landa skuldar Iran for å bruke det sivile atomprogrammet sitt som skalkeskjul for å utvikle atomvåpen. Iran avviser skuldingane, og seier at atomprogrammet berre har som formål å skaffe landet energi.

LES OGSÅ:

SISTE NYTT

Siste nytt