Hopp til innhold

Angrep mot hotell i Bangkok

Like etter klokka 20 norsk tid vart det skote mot eit hotell i sentrum av Bangkok. Den norske journalisten Jon Magnus er blant dei som søkte tilflukt i kjellaren.

Gatekampar i Bangkok, avviser forhandlingar.

Gatekampane held fram i Bangkok, og styresmaktene avviser forslag om forhandlingar.

Foto: PEDRO UGARTE / Afp

Jon Magnus, mangeårig journalist i VG

Jon Magnus bur på hotellet som vart utsett for angrep.

Foto: NRK

Det bur mange utanlandske journalistar på luksushotellet Dusit Thani, blant dei altså Jon Magnus frå VG. Han fortel til NRK at taket på hotellet har stått i brann, men at brannen truleg er sløkt no. Men nokre rom i toppetasjen har fått skadar, seier han.

Det var truleg ein granat som ramma hotellet, som ligg kloss inntil området der raudskjortene har forskansa seg.

Magnus opplyser at opprørarane har trua med å angripe hotellet, fordi dei meiner at ein sniskyttar som skaut og alvorleg såra ein av opprørsleiarane, opererte frå hotellet.

Magnus fortel at det har vore intens skyting med lette våpen, automatvåpen og granatar i heile kveld. Magnus kjenner seg likevel trygg. - Eg reknar med at hæren passar på oss, seier han.

Kraftig eksplosjon

Pedro Ugarte, fotograf frå nyheitsbyrået AFP, seier han hadde lagt seg då han høyrde ein kraftig eksplosjon like ved rommet sitt. Han stod opp og gjekk ut i korridoren, og då kunne han høyre at det vart skote mot veggen på hotellet.

Deretter fekk alle beskjed om å trekkje ned i kjellaren, og rundt 100 menneske har samla seg der nede, fortel fotografen. Han kallar situasjonen dramatisk.

Ugarte fortel at har gått rykte blant gjestane på hotellet om at det er skarpskyttarar frå hæren på hotellet. Styresmaktene har åtvara journalistar mot å opphalde seg i nærleiken av områder der raudskjortene har forskansa seg.

Ein journalist er drepen og tre andre er såra i løpet av dei tre siste dagane.

Demonstrant skyter med sprettert mot soldatane i Bangkok.

Denne demonstranten brukar sprettert i kampen mot soldatane.

Foto: PEDRO UGARTE / Afp

Tidlegare i dag avviste regjeringa eit forslag frå raudskjortene om forhandlingar via FN.

Dermed er situasjonen mellom styresmaktene og raudskjortene like fastlåst som han har vore dei siste veke. 33 menneske er drepne og 239 er såra dei siste tre dagane, opplyser sjukehuskjelder.

Alle dei drepne er sivile.

LES OGSÅ: – Bangkok er på randen av borgerkrig

LES OGSÅ: Rødskjortene: – Militæret bruker skarpskyttere

VIl ha ut demonstrantane

Hæren prøver å få demonstrantane ut av området der dei har forskansa seg. Alle skal få sleppe ut, berre dei viser at dei ikkje er væpna, seier ein talsmann for hæren.

Raudskjortene har sett fyr på bildekk og bygd barrikadar. Dei skyt fyrverkeri mot soldatane, og soldatane svarar med gummukuler, men dei skyt også med skarpt. I kveld er ikkje noko som tyder på at uroa er i ferd med å avta.

Ein av leiarane for raudskjortene, Nattawut Saikua, bad tidlegare i dag om våpenkvile, og at dei var viljuge til å forhandle med regjeringa, berre soldatane blir trekte tilbake frå gatene.

Men statsminister Abhisit Vejjajiva ville ikkje høyre snakk om forhandlingar. Det er for seint, sa han, og la til at einaste måten å få slutt på uroa er at raudskjortene overgir seg.

LES OGSÅ: Åtte til drept i Bangkok i dag

LES OGSÅ: - Trygt å reise til Thailand

LES OGSÅ: Stenger vann og strøm i Bangkok

Vil halde fram kampen

Observatørar tolkar desse fråsegnene som om at styresmaktene er innstilde på å halde fram kampen til raudskjortene er knuste. Også raudskjortene står hardt på at dei ikkje har tenkt å gi seg.

- Dette betyr at gatekampane heilt sikkert vil halde fram, og vi kjem stadig nærmare ein borgarkrig, seier statsvitar Vienrat Nethito ved Chulalongkorn-universitete.

Regjeringa i Thailand utvida i dag unntakstilstanden til fem nye provinsar. Skular har fått ordre om å halde stengde, og det er sett i verk tiltak som skal få slutt på pengestøtte til opprørarane.

Frå før er det sett i verk unntaktstilstand i Bangkok og 20 provinsar, dei fleste i dei nordaustlege delarne av landet der raudskjortene står sterkast.

Video UROLIGHETER-160510-DR1900_MXF_Innboks.MP4

VIDEO: Dramatisk i Thailands hovedstad Bangkok.

SISTE NYTT

Siste nytt