Hopp til innhold

Libya: 103 omkom i flykrasj

Over hundre personar omkom etter at eit fly krasja på flyplassen i hovudstaden Tripoli. Eit nederlandsk barn var einaste overlevande.

Flystyrt i Tripoli, Libya
Foto: LYLJB

Afriqiyah Airways A330

Flyet Afriqiyah Airways A330 som krasja.

Foto: Afriqiyah Airways
Flyulykke i Libya

Halen på flyet som styrta.

Foto: Abdel Meguid al-Fergany / Ap
Libya Plane Crash

Slik såg det ut på bakken etter flyet som krasja.

Foto: Ap

Flyet som krasja var på veg til London frå Johannesbourg i Sør-Afrika. Det var 93 passasjerar og 11 besetningsmedlemmer om bord i flyet, opplyser selskapet Afriqiyah Airways.

Eit nederlandsk barn overlevde krasjen, stadfestar transportminister Mohamed Ali Zidan til nyheitsbyrået Reuters. Han seier barnet ikkje er livstruande skadd, og at det får behandling på sjukehus.

Avviser terrorisme

Zidan avviser samtidig at terrorisme var årsak til ulykka. Det er framleis ukjent kvifor flyet krasja. Ulykka skjedde klokka 06.10 norsk tid.

Flytypen var av typen Airbus A330-200, samme type som i Air France-ulykka som kravde livet av 228 menneske 1. juni 2009.

22 libyarar var blant dei omkomne. Det var også fleire britiske, sør-afrikanske og nederlandske passasjerar i flyet.

Ambulansar fram og tilbake

Ifølgje AFP stengte sikkerheitsstyrkar av ulykkesstaden medan ambulansar og utrykningskøyrety køyrte fram og tilbake mellom flyplassen og byen Tripoli som ligg 50 kilometer unna.

Det krasja flyet er synleg frå distanse, men det er ingen teikn til røyk frå ulykkesstanden, seier AFP-korrespondenten.

Video Flystyrt

Selskapet stadfestar

Afriqiyah Airways stadfestar ulykka i Tripoli, men har ingen detaljar om talet på omkomne.

– Vår flight 8U771 hadde ei ulykke under landing på den internasjonale flyplassen i Tripoli. På noverande tidspunkt har vi ingen informasjon om eventuelle omkomne og overlevande. Det vi veit er at det var 93 passasjerar og 11 besetningsmedlemmer ombord, skriv selskapet.

– Ein meter frå rullebanen

Bongani Sithole uttaler seg på vegner av flyselskapet. Han stadfestar at ulykka har skjedd, men har heller ingen tal på omkomne.

– Vi ventar på ein rapport frå Tripoli som kan fortelje oss kva som har skjedd. Vi har høyrt at ulykka skjedde ein meter frå rullebanen, seier han ifølgje AFP.

Oversiktsbilete over flyplassen i Tripoli

Oversiktsbilete over flyplassen i Tripoli.

Foto: Google Earth / NRK

Ein talsmann for utanriksdepartementet i Sør-Afrika seier flyet er registrert som sakna.

– Vi veit at eit fly er sakna. Det flaug frå Johannesburg i går kveld og var på veg til Libya. Vi veit ikkje kva som har skjedd, seier talsmann Nomfanelo Kota.

Ingen meldingar om nordmenn

Det er for tidleg å seie om det var nordmenn ombord, opplyser Utanriksdepartementet.

– Utenriksdepartementet har ikkje fått meldingar om at nordmenn er involverte, seier Marte Lerberg Kobstad, kommunikasjonsrådgiver i UD.Kobastad vil kontakte den Norske ambassaden i Libya for å undersøke om det kan ha vore nordmenn på flyet.

Ungt selskap

Afriqiyah Airways starta opp i 2001 som det første flysselskapet som er heileigd i Libya. Frå starten leasa selskapet fem Airbus-fly. I 2007 kjøpte dei 11 nye fly, også dei av typen Airbus, skriv AFP.

21. april i år annonserte selskapet at deira flygingar var tilbake til normal drift etter problema som oskeskya frå Island skapte i Europa.

Flytrafikken i Nord-Afrika har dei siste par dagane vore hardast råka som følgje av oskeutsleppa frå Island, men det er førebels ingen indikasjoner på at oske skal vere orsak til ulykka.

Åtte av flyplassene i Marokko var stengde tirsdag, og 250 flygningar til og frå marokkanske flyplassar vart kansellerte eller endra.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt