Hopp til innhold

– Vi skal ikkje svikte Afghanistan

USA-utenriksminister Hillary Clinton lovar at Afghanistan ikkje skal bli overlete til seg sjølv når krigen i landet er over.

Afghanistan-president Hamid Karzai møter USA-utenriksminister Hillary Clinton

Afghanistan-president Hamid Karzai på plass i Washington.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

Administrasjonen i USA insisterer på at dei vil samarbeide med den afghanske presidenten Hamid Karzai, sjølv om han den siste tida har fått skjenn på grunn av korrupsjon i heimlandet hans.

Les også: Afghansk valgkommisjon-leder går av

Gir ikkje opp

– Lat meg vere tydeleg. Så lenge vi ser framover mot ein ansvarleg og ordna overgang i det internasjonale kampoppdraget i Afghanistan, kjem vi ikkje til å gi opp det afghanske folk, sa Hillary Clinton då ho tok imot Karzai i Washington.

Les også:

Karzai er på eit fire dagar langt besøk til USA der han mellom anna skal møte sin amerikanske kollega Barack Obama. Håpet er mellom anna at møtet skal føre til eit betre forhold mellom statsleiarane, skriv nyheitsbyrået AFP.

Les også: Obama krever kamp mot korrupsjon | Hevder Karzai kan ha et rusproblem

Hugsar venner

President Karzai lovde at regjeringa hans vil ta på seg ansvaret med å utvikle Afghanistan slik at hans krigsherja land ikkje lenger skal vere ei bør på skuldrane til USA.

Karzai sa også at Afghanistan vil forbli ein påliteleg alliert i framtida.

– Vi kjem ikkje til å gløyme innsatsen som de har gjort. Afghanistan er kjent i heile verda for å vere eit land som hugsar sine venner, sa han.

SISTE NYTT

Siste nytt