Hopp til innhold

Inntok kirgisisk nasjonalforsamling

Demonstrantar har teke seg inn i nasjonalforsamlinga i den kirgisiske hovudstaden Bisjkek. Kontora til Riksadvokaten er sette i brann. Minst 19 menneske er drepne.

Video Minst 17 menneske er drepne

VIDEO. Sjå dei dramatiske bileta frå Kirgisistan.

Kurmanbek Bakijev.

Demonstrantane krev president Kurmanbek Bakijev sin avgang.

Foto: VYACHESLAV OSELEDKO / AFP

Det kjem motstridande meldingar om den kirgisiske innanriksministeren er drepen eller ikkje. Minst 19 menneske er drepne i uroa i landet i dag og over 200 er såra.

Innnanriksminister Moldomus Kongantjev vart drepen i samanstøytar mellom opprørspoliti og demonstrantar i dag, seier fleire kjelder. Innanriksdepartementet seier at statsråden er i live, men at dei ikkje kjenner situasjonen 100 prosent der han oppheld seg i byen Talas.

Kjelder i politiet opplyser at Kongantjev vart såra i uro i byen Talas i går, og at han døydde av skadane i går.

Det kjem i ettermiddag meldingar om at demonstrantar har innteke parlamentet i Bisjkek, og at bygningen som husar den kirgisiske påtalemakta er sett i brann.

Tok fjernsynssenteret

Demonstrantar har teke kontroll over fjernsynssenteret i Kirgisistan, og alle fjernsynskanalar er tekne av lufta.

17 menneske er drepne i uroa mellom demonstrantar og opprørspoliti i hovudstaden Bisjkek i dag, og 140 menneske er såra, opplyste Larisa Kasjibekova frå helsedepartementet.

Det er innført unntakstilstand i landet. Ein reporter frå nyheitsbyrået AFP opplyser at demonstrantar har teke kontroll over fjernsynssenteret i landet, og at alle kanalane no er ute av drift.

Kirgisiske soldatar skyt med skarpt mot demonstrantane utanfor regjeringsbygningen, melder AFP.

Pressevakt i UD, Kjetil Elsebutangen, seier dei ikkje kjenner til om det er nordmenn i Kirgisistan. Ingen har registrert seg ved ambassaden i nabolandet Kasakstan, som har ansvaret også for Kirgisistan. Det er ikkje obligatorisk å melde frå til ambassaden når ein reiser til eit land, så det er ikkje umogleg at det kan opphalde seg nordmenn i landet.

Skyting i sentrum

Det vart meldt om skyting utanfor regjeringsbygningen i føremiddag. Politiet har avfyrt tåregass og sjokkgrantar for å halde dei rasande demonstrantane borte frå presidentkontora.

Statsminister Daniyar Usenov sa i ein fjernsynstale i føremiddag at det er innført portforbod over heile landet.

Ein talsmann for tryggingsstyrkane seier at fleire menneske er drepne, for det meste på grunn av skadar etter fyrverkeri. Fleire titals menneske er skadde.

Over 5000 demonstrantar har prøvd å kome seg inn i presidentkontora, og opprørspolitiet brukte tåregass og sjokkgranatar for å hindre dette.

Sette fyr på bilar

Opposisjonsleiaren Almazbek Atambajev i Kirgisistan.

Tidlegare statsminister Albazbek Atambajev er blant dei arresterte.

Foto: VYACHESLAV OSELEDKO / AFP

Demonstrantane har sett fyr på bilar på vegen mot presidenten sine kontor. Opprørspolitiet skaut i lufta, men greidde ikkje å stanse folkemengda. Ein reporter frå det franske nyheitsbyrået AFP seier han har høyrt maskingeværskot, men det er uklart kven som har avfyrt skota.

Demonstrantane ser ut til å teke kontroll over fleire armerte politikøyretøy. Folk står oppe på desse køyretøyam, viftar med kirgisiske flagg og det blå flagget til opposisjonen.

Fleire opposisjonsleiarar skal vere arresterte. Dei er sikta for «alvorlege brotsverk», opplyser riksadvokaten i landet. Blant dei arresterte er tidlegare statsminister og presidentkandidat Almazbek Atambajev, tidlegare parlamentsmedlem Omburek Tekebajev og hans assistent Bolot Cherniazov.

LES OGSÅ: Storma regjeringsbygg i Kirgisistan

LES OGSÅ: Kirgisistan slår hardt ned på demonstranter

LES OGSÅ: Provosert over valget i Kirgisistan

Tidleg i mars

Uroa i Kirgisistan starta tidleg i mars, og det har vore store demonstrasjonar i fleire av dei større byane i landet. I går kveld storma rundt 1000 demonstrantar ein regjeringsbygning i byen Talas.

I dag tidleg samla rundt 200 menneske utanfor kontora til det viktigaste opposisjonspartiet. Stadig fleire menneske slutta seg til demonstrantane, og det blit no meldt at mellom 3000 og 5000 demonstrantar no er ute i gatene i sentrum av hovudstaden.

Demonstrantane skal ha teke ein lokal guvernør som gissel, men dette er ikkje offisielt stadfesta.

Det er det viktigaste opposisjonspartiet, UPM, som har oppfordra til demonstrasjonane i protest mot korrupsjon og dårlege vilkår for pressa.

Både USA og Russland har militærbasar i landet. Begge landa har bede både demonstrantane og styresmaktene om å roe ned situasjonen.

Noroeg har hatt diplomatisk samband med Kirgisistan sidan 1992. Ambassadøren i Kasakstan er sideakredittert til Kirigistan, medan den kirigiske ambasadøren i Berlin har ansvaret for kirgisiske saker i Noreg.

Den dåverande presidenten Akhajev vitja Noreg i 2003.

Tryggingsstyrkar i aksjon i Bisjekek i Kirgisistan.

Tryggingsstyrkar i aksjon i Bisjkek i Kirgisistan i dag.

Foto: VYACHESLAV OSELEDKO / AFP
Demonstrasjoner i Kirgisistan

Det er omfattande uro i fleire byar i Kirgisistan. Dette biletet er frå Talas.

Foto: Stringer/Russia / REUTERS

LES OGSÅ: Tre islamister drept i Kirgisistan

LES OGSÅ : Kirgisistan forbyr skaut på skolen

SISTE NYTT

Siste nytt