Hopp til innhold

Elton John-scene kollapsa i Mexico

Tre arbeidarar vart skadde under bygging av ei scene til ein Elton John-konsert i Chichen Itza-ruinane i Mexico.

Chichen Itza-pyramiden i Mexico.

Tre arbeidarar vart skadde då ei lysmast kollapsa over scena.

Foto: STRINGER/MEXICO / REUTERS

Det var ei stor lysmast som fall saman over den uferdige scena, og dei tre arbeidarane vart berre lettare skadde. Det mest alvorlege var ein broten fot. Dei 1200 år gamle Maya-ruinane vart ikkje skadde av kollapsen, melder Sky News .

Elton John sjølv var ikkje til stades då ulukka skjedde, og konserten vil gå etter planen laurdag 3. april.

Det har vore minst 12 store konsertar i ruinane sidan Luciano Pavarotti heldt ein stor konsert der i 1997. I 2008 heldt Placido Domingo ein konsert der med eit publium på over 4000.

I fjor omkom to scenearbeidarar i Frankrike under arbeid med å montere scena til ein konsert med Madonna. LES SAKA HER: To omkom da Madonnas scene kollapset

SISTE NYTT

Siste nytt