Hopp til innhold

Svensk politi granskar norsk lege for 79 dødsfall

Mistanken mot den norske legen som blir etterforska for drap på ein pasient ved eit sjukehus i Sverige er forsterka.

sjukehus

Forsvarsadvokat Leif Silbersky

Forsvarsadvokat Leif Silbersky

Foto: JONAS EKSTRÖMER / SCANPIX
Gorm Are Grammeltvedt

Gorm Are Grammeltvedt.

Foto: NRK

Etterforskinga blir no utvida, og politiet ser nærmare på 79 dødsfall ved sjukehuset. Norske helsestyresmakter følgjer saka tett.

– Etterforskinga så langt har avdekka forhold og gitt oss opplysningar som talar for at legen er skuldig, seier statsdvokat Johan Henningsson til Sveriges Radio.

Dei 79 pasientjournalane omhandlar alle pasientane legen har hatt ansvar for sidan avdelinga blei opna i 2003, stadfestar Henningsson. For det eine tilfellet er han altså mistenkt for drap.

Les også: Svensk politi etterforskar norsk lege

Gissa dødstidspunktet, og traff

– Vi gjennomgår desse journalane fordi det tidlegare har kome merknader til måten han har skrive journalane, seier Henningsson.

To uavhengige legar har tidlegare gått gjennom 108 dødsfall ved avdelinga. Gjennomgangen viser at nordmannen har gissa dødstidspunktet for 13 pasientar, og at døden faktisk inntraff på det tidspunktet han sa det kom til å skje. No skal altså langt fleire dødsfall på sjukehuset granskast.

«Ho fekk hjelp på vegen»

Det var ein pårørande, også ein lege, som varsla sjukehuset om den norske legen. Ho besøkte mora si som døydde medan ho var i nærleiken. I følgje den skriftlege klagen ho har levert, skal den norske legen ha sagt om mora at ”ho fekk hjelp på vegen”, og la til at denne opplysningen skulle bli mellom dei.

I følgje den pårørande skal legen også ha stadfesta overfor henne at ”han själv hadde gett mamma en kalium injection”.

Etter ei bedømming av brevet frå den pårørande, overleverte sjukehuset saka til politiet for vidare etterforsking.

Avviser påstandane

Legen sjølv har heile tida avvist at han har gjort noko galt. Han har hyrt inn Sveriges mest kjente forsvarsadvokat, Leif Silbersky, og han sa for fleire veker sidan til Sveriges Radio at han reknar med at han trur saka blir lagt bort .

Politiet har ikkje konkludert på same måten som Silbersky – tvert om; dei intensiverer etterforskninga.

Var på Sykehuset Østfold

Den norske legen jobba i seks år på 1990-tallet som overlege ved Sykehuset Østfold. Statens Autorisasjonskontor for Helsepersonell sa for to veker sidan at han ikkje har hatt lisens til å arbeida som lege i Norge. Dette tilbakeviser Sykehuset Østfold, og kan dokumentera at Fylkeslegen i Østfold i desember 1995 ga legen lisens, etter at han kunne visa at han var godkjent spesialist i anestesiologi i Sverige (sjå brev under).

Legen jobba som vikarlege ved Moss sjukehus i fleire periodar, og fekk fornya lisens av fylkeslegen i Østfold kvar gong sjukehuset søkte for han.

– Naturleg å ettergå dette

Avdelingsdirektør Gorm Are Grammeltvedt i Statens Helsetilsyn seier til NRK.no at norske helsestyresmakter følgjer saka tett gjennom påtalemakta si behandling og helsetilsynet i Sverige.

– Vi har fått ein fullstendig overiskt over dei periodane han har hatt lisens til å jobba her i landet, og har forsikra oss om at dei har gjort det som er morgeleg for å avdekka om det er tilsvarande saker her i Noreg. Så langt er det ikkje det, seier Grammeltvedt.

Gjennomgang i Østfold

Han seier at også Sykehuset Østfold har gjennomgått legen sine arbeidsforhold der, og det er heller ikkje der avdekka uregelmessige sider ved arbeidet hans.

– Er den gjennomgangen så grundig at vi kan sjå bort frå tilsvarande sak for denne legen i Norge?

– Ingen kan garantere noko slikt, men ut frå den informasjon vi sit med av , har vi stor tiltru til at sjukehuset har gjort ein grundig jobb, seier Grammeltvedt.

Fylkeslege Østfold

Dette brevet syner at Fylkeslegen i Østfold i desember 1995 ga legen lisens, etter at han kunne visa at han var godkjent spesialist i Sverige.

SISTE NYTT

Siste nytt