Hopp til innhold

No et Malaysia norsk grovbrød

Ved universitetet i Kuala Lumpur blir det starta utdanning i norsk grovbrødbaking, og no kjem næringsministeren på besøk.

Video nsps_upload_2010_3_7_16_4_45_188.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Norsk grovbrød serverast på kafé i Kuala Lumpur.

Ei norsk bakarkjede har fått folk i Malaysia til å ete grovbrød. Brøda sel så godt at det no blir opna fleire utsal i Kuala Lumpur. Og ved universitetet i byen blir det starta utdanning i norsk grovbrødbaking.

Det er lovnaden om helsegevinst har gjort bakarsatsinga til ein suksess.

Norsk brød i Malaysia

Norsk grovbrød med suksess i Malaysia.

Foto: Bengt Kristiansen / NRK

100 prosent norsk

Brøda blir baka for hand. Oppskriftene er norske, og mjølet har kome i kontainer frå Noreg. Men arbeidskrafta er lokal - og billig.

- Vi skal teste ut dette marknaden no. Dette er et lågkostland, så får vi det til her, kan vi få det til i andre land, seier bakargründer og administrerande direktør i Din Baker, Jørn Bertheussen.

Det starta som eit eksperiment, no er det lønsamt.

Dei norske brøda er lansert som eit sunnare alternativ enn det kvite brødet asiatane tradisjonelt et. Med lokale legar på laget har nordmennene overbevist ei velståande og helsebevisst kundegruppe.

- Norsk baketradisjon har verdas beste brød, det er det ingen tvil om. Er trur at vi får til dette, seier Bertheussen.

Dyre brød

I ettermiddag kom den norske nærinsministeren Trond Giske innom bakargrûnderen. Giske er i Malaysia for å opne dører for norsk næringsliv, under det offisielle besøket som startar i morgon skal også universitetet i Kuala Lumpur signere avtale med nordmennene om norsk bakarutdanning i den Malaysiske hovedstaden.

Men brødsatsinga kjem aldri til å nå malaysiarar flest. Norske grovbrød er 3-4 gongar dyrare enn det tradisjonelle og er og blir for dei rike få

SISTE NYTT

Siste nytt