Hopp til innhold

Svensk politi etterforskar norsk lege etter drapsskuldingar

Ein lege ved eit sjukehus i Sør-Sverige risikerer å bli tiltalt for drap.

Video nsps_upload_2010_2_24_18_15_31_2394.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjeflege Styrbjörn Östberg om siktelsen.

Forsvarsadvokat Leif Silbersky

Forsvarsadvokat Leif Silbersky

Foto: JONAS EKSTRÖMER / SCANPIX

Legen, som er norsk statsborgar, har vore suspendert frå stillinga si ved sjukehuset sidan november i fjor, mistenkt for å ha forkorta livet til ein pasient .

Legen har no hyrt inn Sveriges mest kjente forsvarsadvokat, Leif Silbersky.

Les også: Mistanke om mord

Saka kan ha langt større omfang, viser ein gjennomgang av 108 dødsfall ved avdelinga. Gjennomgangen viser at nordmannen har anslått dødstidspunktet for 13 pasientar, og at døden faktisk inntraff på det tidspunktet han kalkulerte.

Pårørande - og ein lege

Det var ein pårørande - også ein lege - som varsla sjukehuset om den norske legen. Ho besøkte mora si på sjukehuset, men opplevde at ho døydde medan ho var der. I følgje den skriftlege klagen ho har levert, skal den norske legen ha sagt om mora at «ho fekk hjelp på vegen», og han skal ha lagt til at denne opplysninga skulle bli mellom dei.

Ifølgje den pårørande skal legen også ha stadfesta overfor ho at han sjølv hadde gitt mora ein kalium-injeksjon.

Mange års erfaring

Statsadvokat Johan Henningsson seier det er skjellig grunn til å mistenkje legen for drap. Legen har jobba mange år i det offentlige helsevesenet i Sverige.

– Etter ei bedømming av innhaldet i brevet, har vi kome fram til at vi overleverer oppdraget til politiet for vidare etterforsking, seier sjeflege Styrbjörn Östberg til Sveriges Radio.

Legen sjølv avviser påstandane om at han gjort noko lovstridig.

Legen nedbroten over skuldingane

NRK har i dag snakka med den norske legen som seier han er svært nedbroten over skuldingane. Legen ber om at alle spørsmål blir retta til den svenske kjendisadvokaten Leif Silbersky - som er hyra inn som forsvarsadvokat. Silbersky har frå 1970-talet vore ein av Sveriges mest profilerte forsvarsadvokatar og krimforfattarar.

– Han er svært krenka over at dei mistenkjer han for ikkje å ha gjort eit yrkesmessig akseptabelt arbeid, seier Silbersky til NRK.

– Eg har sjølv vore til stades når politiet har avhøyrt min klient, og han har avgitt fullkomne og plausible forklaringar over kva som har skjedd. Min klient nektar å ha gjort slike brot i tjenesta si og mitt utgangspunkt er at anklagarane vil leggje saka bort i løpet av få veker, seier Silbersky, som ikkje ynskjer å gje ytterligare kommentarer til saka.

Legen har norsk statsborgerskap, men er ifølgje Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell ikkje registrert som lege i Norge. Han har truleg også tatt legeutdanninga si utanfor Norge.

Les på Sveriges Radios nettsider: SR: Trur saka blir lagt bort

Video nsps_upload_2010_2_24_17_56_13_2391.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SE VIDEO: Silbersky: – Legen nekter all skuld.

Les også: Ni nordmenn venter på hjelp til å dø
Les mer: – Dette vil ikke fungere i praksis

SISTE NYTT

Siste nytt