Hopp til innhold

- Vi må hjelpe Haiti i mange år

- Det var eit lite sjokk for meg å kome heim til Noreg og oppdage at Haiti-katastrofen så og seie var borte frå førstesidene, seier Luke Dokter, som kom igjen frå Haiti for nokre dagar sidan.

Luke Dokter er profesjonell naudhjelpsarbeidar i Kirkens Nødhjelp

Det er lyspunkt i Haiti, seier Luke Dokter i Kirkens Nødhjelp.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Luke Dokter i aksjon i Port-au-Prince i Haiti

Luke Dokter i aksjon i Port-au-Prince. Hans oppgåve å få opp kloakksystemet.

Foto: Arne Grieg Riisnæs/Kirkens Nødhjelp

Luke Dokter (31), opprinneleg frå Australia, men busett i Noreg dei siste fire åra, er profesjonell hjelpearbeidar. Han er ingeniør med vatn og avløp som spesielfelt, og arbeidsgjevar er Kirkens Nødhjelp .

Ser små lyspunkt

Dokter har arbeidd i fleire katasrofeområde, men ingen av dei av eit slikt omfang som Haiti.

– Det er så stort at det er vanskeleg å fatte, seier han. Men han ser lyspunkt.

Ein månad etter at katastrofen ramma det lutfattige landet gir hjelpearbeidet resultat. Livet har så smått byrja å nærme seg det normale, iallefall for ein del av innbyggjarane.

Han fortel om arbeidsdagar som varte frå fem om morgonen til langt ut på kvelden.

Kirkens Nødhjelp disponerer eit hus i Port-au-Prince, men det var ikkje snakk om å sove innandørs. Alle sov ute av frykt for nye jordskjelv. Det er så varmt at det ikkje er noko problem, fortel han.

Han opplevde at folk i stor grad var disiplinerte. Han har sett matkøar på over ein kilometer, utan at nokon har laga bråk. Berre ein gong har han sett tilløp til uro, og dette vart raskt stansa av soldatar.

Luke Dokter i arbeid i Port-au-Prince i Haiti.

Luke Dokter i arbeid i Port-au-Prince i Haiti.

Foto: Arne Grieg Riisnæs/Kirkens Nødhjelp

– Eg har heile tida kjent meg trygg. Eg opplevde at folk var takknemlege overfor hjelpearbeidarane, seier norsk-australiaren

Ingenting fungerte

– Då eg kom ned for vel to og ei halv veke sidan var det ingenting som fungerte, det var ikkje snakk om såkalla vanlege gjeremål. Folk hadde nok med å overleve. Då eg reiste frå Haiti sist søndag såg eg at mange av handelsbodene på fortaua i Port-au-Prince hadde kome i gang igjen. Det tyder på at dagleglivet så smått kjem i gjenge, seier Luke Dokter.

Han fortel om ein by som praktisk talt er i ruinar. Same kvar ein er i hovudstaden Port-au-Prince er det heilt øydelagde eller delvis øydelagde hus så langt augene kan sjå. Folk bur på fortaua, i parkar og på fotballbaner.

– Det er så lite opne plassar i byen at det ikkje er plass til telt. Folk søv ute under open himmel. Dette går bra så lenge det er varmt og tørt. Men i månadskiftet mars-april set regntida inn, og då er det naudsynt å skaffe folk tak over hovudet.

Ein million heimlause

Når over ein million menneske er heimlause, er sanitærforholda ei stor utfordring. Luke Dokter fortel at dei grev djupe grøfter, mellom ein og ein halv og to meter djupe. Oppå der blir det utplassert primitive toalett, rett og slett ei rist, ikkje ulikt dei primitive toaletta ein kan finne i ein del asiatiske land.

Demonstrasjon i Port-au-Prince med krav om hjelp.

Det har vore fleire demonstrasjonar i Port-au-Prince, men lite valdsbruk etter jordskjelvet.

Foto: Ivan Alvarado / Scanpix/Reuters

Desse grøftene blir tømde når dei er fulle, og innhaldet blir overført til store, runde tankar. Etter kvart er det meininga at innhaldet i desse tankane skal brukast til å produsere bio-gass som kan kome folk til nytte i dagleglivet.

Kirkens Nødhjelp hadde 250 slike anlegg på lager, og alle desse er no i bruk i Haiti. Ei ny sending er i desse dagar på veg til Haiti.

Hjelpebehovet er så stort at det er vanskeleg å forestille seg det.

– For hjelpearbeidarar er det viktig å fokusere på det vi kan gjere, og ikkje på det vi ikkje får gjort, seier han.

Også hjelpearbeidet har store dimensjonar. Det er over 900 frivillige organisasjonar i aksjon i Haiti, og utruleg nok, seier Dokter, så fungerer faktisk samarbeidet.

God koordinering

DIelisia Pierre bur saman med borna sine i ein av leirane i Port-au- Prince.

Dielisia Pierre bur saman med borna sine i ein av leirane i Port-au- Prince.

Foto: Ivan Alvarado / Scanpix/AP

FN har koordineringsansvaret, og han har inntrykk av at det har gått bra i Haiti. Han har tidlegare opplevd dårleg koordinasjon i andre katastrofeområde han har arbeidd. Men eit arbeid Jan Egeland sette i gang då han var leiar for FN sitt naudhjelpsarbeid, har ført til at samarbeidet har vorte mykje betre.

Luke Dokter er sikker på at det internasjonale hjelpearbeidet i Haiti vil måtte halde på i mange år framover. Det er eit land som må byggjast opp igjen frå grunnen, og det kjem til å ta tid.

– Jordskjelvet ramma faktisk Haiti på eit tidspunkt då det for første gong på svært lenge var eit snev av optimisme blant folk. Den siste innhaustinga i landbruket var svært bra, og det var håp om utanlandske investeringar etter at FNs spesialutsending Bill Clinton vitja landet saman med moglege investorar.

Men den gryande optimismen i den fattige øystaten fekk ein bråstans 12. januar, då store delar av landet vart lagt i ruinar.

Nasjonal sørgjedag i Haiti 12. februar.

Titusenvis av menneske deltok i minnemarkeringa for dei som miste livet i jordskjelvet, på dagen ein månad etter katastrofen ramma 12. januar.

Foto: Rodrigo Abd / Scanpix/AP

Veg ut av uføret

Likevel trur Luke Dokter at det er ein veg ut av uføret for Haiti. Det internasjonale samfunnet vil hjelpe til å byggje opp igjen infrastrukturen i Haiti, og hjelpeorganisasjonane vil vere i landet i lang tid.

Hjelpeorganisasjonane brukar lokal arbeidskraft så langt det er mogleg. Dette gir hardt tiltrengde inntekter til folk, og det gir menneska håp om eit betre liv etter kvart.

Sjølv skal Dokter tilbake til Haiti i løpet av kort tid. Han kjenner det meiningsfylt å ha ein slik jobb.

Han veit likevel ikkje kor lenge han kan halde på. Han og kona ventar det første barnet sitt i mai, og då blir kvardagen ein annan.

Liten gutt på sykehuset i Port-au-Prince

Denne vesle guten var ein av dei som fekk plass på sjukehus.

Foto: D. Aguilar / Scanpix/Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt