22.03.2010

Her er Boeings nye superjumbo

VIDEO: Sjå den nye superjumboen på jomfruturen.

Det nye flaggskipet til flyprodusenten Boeing, 747-8, var ute på den første flyturen sin i går ettermiddag amerikansk tid.

Dette er det største flyet Boeing nokon gong har produsert, og vart presentert på Paine-flyplassen utanfor Seattle i Washington i USA.

Dette skjer 41 år etter at Boeing presenterte sin første 747, som seinare skulle bli kjend som Jumbojet. Dette flyet har vore ein arbeidshest på langrutene til dei fleste større flyselskapa i verda sidan.

747-8 skal takast i bruk som fraktfly titl hausten, medan passasjerutgåva først blir klar mot slutten av 2011.

Boeing 747-8 er 82 og ein halv meter langt, og det er nesten seks meter lenger enn dei noverande 747.

Flymekanikar Mike Feeney arbeider med motoren på det nye Boeing 747-8. (Foto: Stephen Brashear/Gety Images/Scanpix/AFP)

Flymekanikar Mike Feeney blir liten i forhold til motoren på detn nye superjumboen.

Foto: Stephen Brashear/Gety Images/Scanpix/AFP