Hopp til innhold

Startar høgoppriking av uran

Iran starta tysdag produksjonen av høgopprika uran. USA ønskjer fortgang i sansksjonsprosessen.

Irans president Mahmoud Ahmadinejad med vernebriller.

URAN I IRAN: Den iranske presidenten Mahmoud Ahmedinejad har starta produksjon av høgopprika uran, ifølgje ein talsmann i landet.

Foto: Ruzbeh Jadidol / Scanpix/AP

–Tysdag sette vi igang produksjonen av 20 prosent opprika atombrensel med inspektørar frå IAEA, sa ein ikkje namngitt tenestemann i Iran til den statlege TV-stasjonen al-Alam.

Les også: Iran har formelt varsla IAEA
Les også: Iran vil byggje 10 nye uran-anlegg
Les også: Iran skal utvikle anriket uran selv

Både Frankrike og USA truga måndag med sanksjonar mot landet, og USA gjentok tysdag at dei ønska fortgang i prosessen.

–Sikringsrådet i FN må vedta sanksjonar innan nokre veker, ikkje månader, heiter det i ei uttale frå forsvarsdepartementet.

Fryktar atomvåpen

Planane om å byggje ti nye anlegg for oppriking av uran vart offentlege i november i fjor. Desse vart møtt med kraftige reaksjonar frå vestlege stormakter, som fryktar at Iran skal utvikle atomvåpen. Dei har tidlegare føreslått at Iran kan få opprika uran i utlandet, men ein slik avtale har partane ikkje blitt samde om.

Iran har tidlegare sagt at dei vil stanse høgopprikinga om ein kan bli samde. Russland oppfordrar no landet til å godta avtalen, medan Kina meiner partane må forhandle vidare.

–Fredelege mål

Ein talsmann for den iranske organisasjonen for atomenergi, Ali Shirzadian, seier det er det førebuande arbeidet som har starta, og at produksjonen først vil starte ein gong på ettermiddagen.

Iran har heile tida insistert på at produksjonen har fredelege mål, og at landet ikkje ønskjer seg atomvåpen.

SISTE NYTT

Siste nytt