Hopp til innhold

Levande nedgraven i æresdrap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ei 16 år gammal jente vart graven ned levande av slektningane sine i det sørvestlege Tyrkia fordi ho skal ha hatt gutevener.

LES OGSÅ: Dømt for æresdrapstrusler

LES OGSÅ: Kadyrov forsvarer kvinnedrap

Politiet fann Medine Memi i sitjande stilling med hendene bundne saman i ei to meter djup grav på ein hønsegard like ved heimen hennar i landsbyenet Kahta 40 dagar etter at ho forsvann, melder nyheitsbyrået Anatolia.

Grus og jord

Obduksjonen viser at ho hadde lungene og magen fulle av grus og jord. Det betyr at ho vart gravd ned i levande live, seier ekspertar.

- Obduksjonen gir eit hårreisande resultat. Ho hadde ingen merke på kroppen, og det var ikkje teikn til narkotika eller gift i blodet hennar. Det betyr at ho var i live og fullt medviten då ho var gravd ned, seier ein av dei medisinske ekspertane.

Faren og bestefaren til Medime Memi er arresterte og sikta for drapet. Faren skal ha sagt at familien var lite nøgd med at ho hadde mannlege vener.

Æresdrap

Æresdrap er ikkje uvanlege i dei kurdiske områda i det søraustlege Tyrkia. Eit familieråd peikar vanlegvis ut ein medlem av familien som får i oppdrag å ta livet av den kvinnelege slektningen som er skulda for å ha skitna til æra til familien.

Tradisjonelt har æresdrap ramma kvinner som har hatt utanomekteskaplege forhold. Men stadig blir også valdtekne kvinner, og kvinner som ikkje har gjort noko anna enn å snakke med framande menn, også drepne på denne måten.

LES OGSÅ: Frykter æresdrap

LES OGSÅ: - Kan være æresdrap

LES OGSÅ: Politispråk skjuler forbrytelser

LES OGSÅ: Rahila-saken henlagt

SISTE NYTT

Siste nytt