Arrestasjonane tidleg på morgonen julaftan vart sette i verk etter ordre frå statsadvokaten i Diyarbakir-regionen. Ein talsmann opplyser til nyheitsbyrået Reuters at 42 medlemer av det forbodne partiet DTP er pågripne, i eit forsøk på å stanse det væpna nettverket til Kurdistans Arbeidarparti, mest kjend som
.Den tyrkiske grunnlovsdomstolen har forbode DTP, på grunn av partiet si tilknyting til PKK, som tyrkiske styresmakter reknar som ein terrororganisasjon. Også EU og USA har PKK på si liste over terrororganisasjonar.
Advokaten til den fengsla PKK-leiaren Abdullah Öcalan er ein av dei pågripne i dag.
Etter avgjerda i grunnlovsdomstolen 11. desember var det uro i fleire kurdiske byar i den søraustlege delen av Tyrkia.
Aksjonen i dag er den tredje i år, og til saman er over 100 kurdarar sikta eller tiltalte i samband med ei større etterforsking av PKK.