Hopp til innhold

Rykte i København: Obama droppar klimakonferansen

På klimakonferansen i København går det no sterke rykte om at den amerikanske presidenten Barack Obama avlyser planane sine om å delta på konferansen.

Barack Obama taler i Oslo Rådhus

LIKEVEL IKKJE TIL KØBENHAVN?: Her talar Barack Obama i Oslo Rådhus under utdelinga av Fredsprisen.

Foto: Scanpix

Hillary Clinton

UTAN OBAMA?: Ut frå rykta kan det vere at utanriksminister Hillary Clinton må greie seg åleine.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

Ut frå rykta kjem Obama til å droppe København, og i staden nøyer USA seg med å vere representert med utanriksminister Hillary Clinton. Ho kom til København i føremiddag.

Men Det danske utanriksdepartementet har enno ikkje fått avmelding frå nokon av dei påmelde statsleiarane, skriv Ekstrabladet på nett .

119 stats- og regjeringssjefar

Til saman 119 stats- og regjeringssjefar, er påmelde til klimakonferansen.

Ingen av desse har førebels meldt avbod til møtet på Bella Center i morgon, fredag.

– Vi har ikkje fått nokon avbod enno. Det ville også vore tidleg. Det er torsdag føremiddag, og mykje kan framleis skje. Det er først i morgon stats- og regjeringssjefane skal møte kvarandre, seier Louise Brincker, som er pressesjef i Utanriksdepartementet.

LES OGSÅ: Danmark gir opp klimaavtale

Stillstand

Det siste døgnet har det vore stillstanden i forhandlingane, og det danske formannskapet har enno ikkje lagt fram eit utkast til avtale.

Ut frå dette har ei kjelde opplyst til dansk TV2 at det er usikkert om Obama som planlagt kjem til konferansen fredag.

Dette avviser Louise Brincker.

- Det har vi ikkje høyrt noko om enno, seier ho.

LES OGSÅ: Topplederne dropper klimamøtet

SISTE NYTT

Siste nytt