Fem arresterte i antiterror-raid

Politiet har aksjonert mot fleire adresser i Manchester og Bolton.
Foto: Phil Noble/Scanpix/ReutersBritisk antiterror-politi har arrestert minst fem personar i ein aksjon i Manchester-området og i London i dag tidleg.
Publisert 16.11.2009 10:46. Oppdatert 16.11.2009 15:23.
- Skriv ut
Dei fem vart pågripne i ein samordna aksjon i fleire ulike bydelar i Manchester, i nabobyen Bolton og ved Hetahrow flyplass utanfor London. Det er gjennomført husransakingar på fleire andresser i området, opplyser politiet.
Assisterande politisjef for Greater Manchester Police, Dave Thompson, opplyser at dei arresterte er 21,26, 27. 52 og 62 år gamle. Fire av dei er pågripne i Manchester og Bolton, medan den femte vart teken på eit hotell nær Heathrow flyplass utanfor London.
LES OGSÅ: Britisk terrorsak smuldret bort
LES OGSÅ: Britisk terrorsak smuldret bort
Han seier at pågripingane er resultatet av ei etterforsksing som har halde på ei stund, og som vil halde fram vidare.
I april i år gjennoførde politiet i den nordvestlege delen av England ein større antiterror-aksjon, som statsminister Gordon Brown på eit tidleg tidspunkt sa hadde avverja svært alvorlege terrorplanar.
12 personar vart arresterte i denne saka, men alle vart seinare sette fri utan at det vart reist tiltale.
I ein tale seinare i dag er det venta at Gordon Brown vil ta opp blant anna Al Qaida si rolle i Storbritannia i dag.
Nyheitsbyrået Reuters har sett ei utskrift av talen han skal halde i kveld, og her gjer Brown det klart at Al Qaida driv med storstild rekruttering av britiske statsborgarar.
Han meiner dette gjer at det er viktig for Storbritannia å delta i krigen i Afghanistan og støtte Pakistan i kampen mot Taliban.
Kart
Storbritannia
- Inspektører til Sellafield
- Britisk jernbane rammes av streik
- Sahil (5) gjenforent med faren
- EU ber Brown kutte i gjelden
- Britisk femåring sett fri
- Regjeringen vil avskaffe Overhuset
- Tror dronningen fant opp telefonen
- Sultet datteren ihjel - fikk 15 år
- Livstid for Facebook-drap
- Fem sparket etter bortføring
- Toryene rykker fra igjen
Terrorisme i Storbritannia
- Storbritannia hever terrorberedskap
- Kritiserer britiske antiterrorlover
- Fikk banklån til bombefabrikk
- Forlik etter London-terroren
- Fem arresterte i antiterror-raid
- Terrordømt til 40 års fengsel
- Britisk terrorsak smuldret bort
- Fem mistenkt for terrorplaner
- Fryktar atom-terror i Storbritannia
- Terrorangrep gir færre selvmord
- 20 år sidan Lockerbie


