Terror-mistenkte arresterte i USA
Far og sønn blir ført bort av FBI.
Tre menn med afghansk bakgrunn er arresterte i USA, mistenkte for å planleggje terrorangrep.
Publisert 20.09.2009 12:13. Oppdatert 20.09.2009 12:29.
- Skriv ut
Najibullah Zazi (24) vart avhøyrd av FBI i tre dagar før han vart arrestert i natt norsk tid. Han er busett i Denver i Colorado, der han arbeider som sjåfør på ein shuttlebuss på flyplassen i byen.
Også den 53 år gamle faren hans er arrestert.
Queens
Den tredje arrestasjonen gjekk føre seg i New York, der 37 år gamle Ahmad Wais Afzahli, er pågripen i bydelen Queens. Han skal nyleg ha hatt kontakt med Najibullah Zazi.

FBI ransaka heimen til Zazi før helga.
Foto: Mark Piscotty/Getty Images/Scanpix/AFPHan gjer det også klart at styresmaktene ikkje har klar informasjon om kva mål som skulle angripast eller når det skulle skje.
FBI har blant anna teke beslag i PC-en til Najibullah Zazi, der det vart funne detaljerte planteikningar for bomber. Han har også reist fleire gonger mellom Pakistan og USA den siste tida.
Al Qaida-leir
Zazi skal ha sagt i avhøyr at han aldri har sett dokumenta politiket snakkar om, men politikjelder seier han har vedgått å ha fått våpenopplæring og trening i å lage bomber i ein Al Qaida-leir i Pakistan.
I eit intervju med avisa Denver Post laurdag avviste Zazi at han skulle ha vedgått å hatt kontakt med Al Qaida.

- Eg er uskuldig, seier Majibullah Zazi.
Foto: Ed Andieski/Scanpix/APFBI-sjef Robert Mueller har forsikra dei folkevalde i Senatet og Representanthuset i Washington at det ikkje ligg føre fare for eit snarleg terrorangrep i samband med saka mot Zazi, men han ville ikkje gi fleire detaljar.
Stansa på bru
Avhøyra av Najibullah Zazi starta etter at han vart stansa av politiet 10. september medan han køyrde ein leigebil over George Washington-brua, som bind saman New York City med nabostaten New Jersey.
Under opphaldet i New York hadde han kontakt med 37-åringen som vart arrestert i bydelen Queens.

Najubullah Zazi vart arrestert i natt norsk tid.
Foto: Chris Schneider/Denver Post/Scanpix/APSist måndag ransaka politiet fleire hus i bydelen Queens, der Zazi hadde opphalde seg medan han var i New York. Ransakingane vekte stor oppsikt i USA sidan dei gjekk føre seg kort tid etter åtteårsdagen for angrepa mot USA 11. september 2001.
LES OGSÅ: Obama hedret 9/11-ofrene
LES OGSÅ: New York minnes terror-ofrene
LES OGSÅ: CIA truet med å drepe barn
(NRK-AFP-Reuters)
USA 11.09.2001
- Flyplass-sjåfør mistenkt for terror
- Flere beinrester funnet
- Beinrester funnet ved Ground Zero
- Klimaskifte i pressen
- Tyskerne hardt ut mot Bush
- USA markerer 11. september
- Oppfordrer til ny terror
- Livstid for 11. september-angrep
- – Moussaoui er ikke schizofren
- 11. september-opptak kan avspilles
- USA mintes terror-ofrene
Terror i USA
- Amerikansk al-Qaida-talsmann tatt
- - 11. septemberangrepet en løgn
- Tilstår terrorplaner i New York
- - Trodde først det var et uhell
- - Henretter 11. september-terrorist
- - Bin Laden med uvanlig innrømmelse
- Bin Laden: Vi sto bak flyangrepet
- Politiker brukt i Bin Laden-bilde
- To terrormistenkte tatt i New York
- Obama med flere terrortiltak
- Jemen vil ikke ta ansvar
USA
- FN krever granskning av tortur
- 6000 personer har fått flyforbud
- Ville ikke blitt noen Irak-invasjon
- Ekstremgrupper tredoblet i USA
- Tyrkia raser mot kongressvedtak
- Washington tillater homoekteskap
- Ny verdensrekord på Harley-Davidson
- USA vil ta Kandahar senere i år
- Løslatt etter å ha lurt vokterne
- Drept av spekkhugger i Seaworld
- Dømt til fengsel i 430 år


