Taliban drap 16 i Kabul
Seks ISAF-soldatar og 10 sivile vart drepne i ein sjølvmordsaksjon i den afghanske hovudstaden Kabul i dag.
Publisert 17.09.2009 12:25. Oppdatert 17.09.2009 14:44.
- Skriv ut
Alle dei seks soldatane tilhøyrde den italienske kontingenten i den NATO-leidde ISAF-styrken.
Den islamistiske opprørsgruppa Taliban var raskt ute med å ta på seg ansvaret for sjølvmordsaksjonen.
55 menneske vart såra i angrepet, som skjedde like ved vegen til flyplassen i Kabul, rundt 1,5 kilometer frå den amerikanske ambassaden.
Sprengstoff i bil

Mange bygningar vart øydelagde i eksplosjonen.
Foto: Ahmad Massoud/APEin mann køyrde ein bil fullasta med sprengstoff inn i eitt av køyretya i NATO-kolonna, og eksplosjonen var enorm, fortel augevitne. Fleire av bilane til ISAF-styrken vart totalt øydelagde, medan andre igjen ekk store skadar.
Fleire bygningar vart også øydelagde i den kraftige eksplosjonen.
Ein talsmann for det afghanske innanriksdepartementet, Zemarai Bashary, opplyser at 21 butikkar vart øydelagde i eksplosjonen, medan sju køyrety vart øydelagde.
NATO-soldatar
Det italienske forsvarsdepartementet har stadfesta at seks italienske soldatar miste livet i angrepet. Men forsvarsminister Ignazio La Russa seier at angrepet ikkje vil skremme Italia ut av Afghanistan.
Han fortel at 10 italienske fallskjermsoldatar køyrde i to pansra bilar då sjølvmordsbombaren slo til.
Det er rundt 3250 italienske soldatar i Afghanistan.
Dette er eitt av dei verste enkeltangrepa mot dei over 100.000 utanlandske soldatane i Afghanistan sidan krigen starta for snart åtte år sidan.
Til saman 365 utanlandske soldatar frå USA og NATO er drepne i Afghanistan hittil i år.

Minst 16 menneske vart drepne i angrepet i Kabul.
Foto: Manish Swarup/AP
(NRK-EBU-AFP)
Norske styrker i Afghanistan
- Spår Al Qaida-retur til Afghanistan
- Norge ut av Faryab før tiden
- Jaktar offiser etter Kabul-drap
- Nye demonstrasjonar i Afghanistan
- Rakett mot norsk leir
- Ba lokale ledere roe gemyttene
- – 13 drept i Afghanistan
- Venter seg nye demonstrasjoner
- – Sikkerhetsopplegget virket
- Norsk soldat såret i Afghanistan
- Tror demonstrasjonene øker i styrke
Afghanistan
- Spår Al Qaida-retur til Afghanistan
- Skulejenter forgifta i Afghanistan
- Afghanerne må fikse freden selv
- Obama: – Ingen garanti for suksess
- Mistenkelig pulver til ambassader
- 7 drept i selvmordsangrep i Kabul
- Obama i Afghanistan
- Beskylder NATO for å ha drept barn
- Bin Laden hadde tett Talibankontakt
- Norge ut av Faryab før tiden
- Afghanistan – framtidas gruvemekka?
Nyheter fra verden
Neste sending: Urix
Urix
NRK2, tirsdag 29.5. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programledere: Annette Groth og Christian Borch
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/urix.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: urix@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Verden på lørdag
Nettradio
- Verden på lørdag (26.05.12 11:03)
- Verden på lørdag med Korrespondentbrevet (19.05.12 16:40)
- Verden på lørdag (19.05.12 11:03)
- Verden på lørdag med Korrespondentbrevet (12.05.12 16:40)
- Verden på lørdag (12.05.12 11:03)
- Verden på lørdag med Korrespondentbrevet (05.05.12 16:40)
- Verden på lørdag (05.05.12 11:03)
- Flere programmer
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: vpl@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Luksusutfordringer i kø for Baku