Hopp til innhold

Opnar for kroatisk EU-medlemskap

Slovenia og Kroatia har ordna opp i grensetvisten som har hindra Kroatias medlemskapsforhandlingar med EU.

Kroatias statsminister Jadranka Kosor og Slovenias statsminister Borut Pahor
Foto: STR / REUTERS

Slovenia seier i dag at landet er klar for å avslutte blokkeringa av Kroatias medlemskapsforhandlingar med EU.

Det skjer etter at statsminister Borut Pahor i Slovenia og statsminister Jadranka Kosor i Kroatia kom til semje om grensetvista mellom dei to landa i eit møte i den slovenske hovudstaden Ljubljana i dag.

Grensetvist frå 1991

Slovenia har blokkert Kroatias medlemskapsforhandlingar med EU sidan desember fordi landet meiner dokumentasjonen Kroatia har lagt fram for EU inneber ei førehandsdømming av grensetvista mellom dei to landa.

Grensetvista går heilt attende til 1991, då dei to landa erklærte seg uavhengige av det tidlegare Jugoslavia.

Striden gjeld eit sjøområdet utanfor grensa mellom dei to landa, der Ljubljana har krevd garantiar for tilgang til internasjonale farvatn over eit område Kroatia hevdar er deira.

Slovenia har hevda at tvisten hindrar slovenske skip fri tilgang til Adriaterhavet.

Sende faks til EU

- Vi har opna eit nytt kapittel i forholdet mellom landa og har synt at venlege relasjonar og respekt kan løyse problem, sa den kroatiske statsministeren etter møtet.

Semja mellom dei to opnar vegen for Kroatias veg mot EU.

Slovenia skal allereie i dag ha sendt faks til det svenske formannskapet i EU, og gjort det klart at ingen dokument eller tidlegare utsegn står i vegen for Kroatias medlemskapsforhandlingar. Det fortel den slovenske statsministeren, ifølgje nettsida BalkanInsight.com.

Det svenske EU-formannskapet ønskjer semja mellom dei to landa velkommen.

Ifølgje den svenske statsministeren Fredrik Reinfeldt er eit kroatisk EU-medlemskap ikkje berre av interesse for Kroatia og Slovenia, men også for dei andre landa på Balkan og for heile EU.

SISTE NYTT

Siste nytt