Taliban-topp arrestert i Swatdalen

Muslim Khan er arrestert av pakistanske tryggingsstyrkar i Swatdalen.
Foto: B.K.Bangash/APPakistanske tryggingsstyrkar har arrestert talsmannen for Taliban i Swatdalen og fleire andre leiarar i opprørsgruppa.
Publisert 11.09.2009 08:30. Oppdatert 11.09.2009 11:17.
- Skriv ut
Taliban-talsmannen Muslim Khan vart arrestert i det ein militær talsmann kallar ein vellukka aksjon.
Fire andre toppar i Taliban sine styrkar i Swatdalen vart også arresterte, seier talsmannen.
Den pakistanske hæren har sidan april gjennomført ein offensiv mot Taliban i dette området.
Motstandslommer
Hæren seier dei har greidd å nedkjempe Taliban i det meste av området, men at det framleis er små lommer der den islamistiske opprørsgruppa gjer motstand.
Alle dei arresterte står på lista over dei mest ettersøkte opprørarane i Swatdalen. Muslim Khan, og Mahmoud Khan, som også er blant dei arresterte, har hatt ein pris på 10 millionar rupi, over 720.000 kroner, på hovuda sine.
Dette er dei første arrestasjonane av nokon på topp 15-lista over opprørarar i Pakistan.
Den mest ettersøkte er den ekstreme mullaen Maulana Fazlulla, som har ein prislapp på 50 millionar rupi, vel 3,5 millionar kroner, på seg.
Fazlulla
Fazlulla har alltid halde seg unna fjernsynsintervju og fjernsynskamera, og Muslik Khan blilr blitt sjølve symbolet på Taliban i Swatdalen.
Den engelskspråklege avisa The News skriv at dei fem leiarane alle er medlemer av det såkalla shura-rådet, Talibans rådgjevande organ. Dei skal ha blitt lurt til å kome til det dei trudde skulle vere fredssamtalr i Islamabad.
I staden vart dei pågripne av pakistanske tryggingsstyrkar.
LES OGSÅ: Nye kamper i Swat-dalen
LES OGSÅ: - Reis heim til Swatdalen
LES OGSÅ: - Ti personer drept av bombe
LES OGSÅ: Over 60 drept i kamper i Pakistan
Les
Pakistan
- Pakistansk politi: Bestillingsdrap
- Etterlyst etter trippeldrap
- Siktet for drap i Pakistan
- Toppolitikar drepen i Pakistan
- Stålbaron skal lede Pakistan
- Pakistan: Et imponerende comeback
- Sharif erklærer seier i Pakistan
- Lange køer i Pakistan-valget
- Pakistansk valkamp i Noreg
- Bombe mot Pakistan-valget
- Herfra trues demokratiet i Pakistan
Nyheter fra verden
Guatemalas ekspresident utlevert - - Ber unge tenne på biler og filme
- Politiet ber om forsterkninger
- Rutefly ba om hjelp mot passasjerer
- Norske styrker i kamper i Kabul
- La seg i bakhold for politiet
- Drapssiktet likevel ikke lølatt
- Fly nødlandet på Heathrow
- Jordskjelv i havet nord for Japan
- Belmokhtar i live




