- Regjeringa fører folk bak lyset

- Noreg er med på ein stormaktskrig som berre gjer vondt verre i Afghanistan, meiner Erling Folkvord (Raudt).
Publisert 07.08.2009 15:27.
- Skriv ut
Erling Folkvord frå partiet Raudt har nettopp landa på Gardermoen etter fleire dagar i Afghanistan. Han er ikkje nådig i kritikken mot den norske regjeringa.
Sjå Folkvord i Dagsnytt 18.
Han meiner grunnlaget for den norske militære tilstadeveringa i landet er heilt feil.
«Jonas Gahr Støre og regjeringa har ført folk i Noreg bak lyset. Dei tek fattigfolk i Afghanistan til inntekt for ein okkupasjon, utan å ha snakka med dei det gjeld.»
Erling Folkvord
Vil kjempe frå Stortinget
Allereie før turen gjorde Folkvord det klart at han vil gjere soldatane i Afghanistan til si viktigaste sak om han får plass på Stortinget etter valet.
Les: Soldatene må hjem
Etter turen er han minst like overtydd om at norske styresmakter må trekkje alle soldatar ut frå Afghanistan.
- Noreg har dessverre meldt seg på og vorte med som deltakar i den same type stormaktskrig som har herja og øydelagt Afghanistan i 30 år. Noreg må ut av det, seier Folkvord.
På bloggen sin utdjupar politikaren standpunktet på følgjande vis.
- Dei fleste av dei norske soldatane var lenge i eit fredeleg område. Dei har oppført seg slik at dei har eit betre omdøme enn til dømes amerikanarane. Noregs hemmelege spesialstyrkar har heile tida spelt ei anna og meir sentral rolle i krigen. Dei har plukka ut mange av dei amerikanske bombemåla, skriv Folkvord i det siste blogginnlegget frå Afghanistan.
- Trass desse verkelege skilnadene, skal vi vere klare over at fattigfolk på landsbygda ikkje held orden på at ISAF er sett saman av soldatar frå om lag 40 land. For dei er vi alle amerikanarar.
- Etter ønskje frå Afghanistan
Tarjei Skirbekk, som er politisk rådgjevar for Jonas Gahr Støre, avviser at folk vert førte bak lyset og understreker at den norske deltakinga byggjer på eit FN-mandat.
«Vi ønskjer på sikt å trekkje oss militært ut av Afghanistan. Det gjer alle land. Men den afghanske regjeringa og det afghanske folk ønskjer at dei skal vere der, og det er heilt klart også eit behov for at det internasjonale militære nærværet er der for å slå tilbake igjen sterke krefter som blant anna Taliban.»
Tarjei Skirbekk
- Fekk ikkje møte norske soldatar

Tidlegare denne veka rasa Folkvord over at han ikkje hadde fått besøkje dei norske soldatane i Meymaneh i Afghanistan. Han meinte han vart behandla annleis enn andre politikarar.
- Eg meiner det var urimeleg. Det betyr at Raudt er det einaste partiet som ikkje har fått lov til å besøkje dei norske styrkane i Meymaneh, sa Folkvord til Aftenposten.no.
Utspelet har fått den norske kontingentsjefen i Afghanistan til å sjå raudt. Oberst Ole-Asbjørn Fauske hevdar Folkvord fekk høve til å vitje soldatar i byen Mazar-i-Sharif, men at han takka nei til dette tilbodet.
Folkvord avviser at han fekk eit slikt tilbod.
Klokka 18.00 møter Folkvord oberst Ole-Asbjørn Fauske og politisk rådgjevar til debatt i Dagsnytt.
Norske styrker i Afghanistan
- Norske tolker tatt i Afghanistan
- Norske soldater kjørte på veibombe
- Norske ISAF-soldater hjem i 2013
- Hedrer drept flyger med leir
- Myhre ber Røde Kors avklare
- – Norge må anerkjenne Taliban
- Over 800 skadde i Afghanistan
- Støre urolig for politisk kaos
- Støre vil trappe ned i Afghanistan
- Fire norske soldater lettere skadd
- Unge islendingar i krigen for Noreg
Rødt
- Tilbyr Jensen penger for å reise
- - Rødt utnytter ikke tomrommet
- - Hvem tjener på å stemme Rødt?
- - Vil stanse lammende enighet
- Rød kritikk av SVs krigsmotstand
- Torstein Dahle svarer for Rødt
- - Regjeringa fører folk bak lyset
- Rød Ungdom gir penger til PFLP
- Knallrød og «veldig liberal»
- Dahle leder Rødt
- Nå kan du stemme Rødt
Stortingsvalget 2009
- Stortingsmandater på vandring
- Kongen åpnet det 155. storting
- OSSE kritisk til norsk valgordning
- PølseHanssen blir PR-mann
- Store forventninger til Kristin
- Beskyldte Stoltenberg for løgn
- Trist at kontantstøtten forsvinner
- – Helga Pedersen ut av regjeringen
- Regjeringen utsetter oljeavgjørelse
- Mo vil til bunns i valgkaoset
- Stenger nettside med valgresultat
Nyheter fra verden
Siste 1. verdenskrigsveteran død - US Marines poserte foran SS-flagg
- De var de siste som så Berserk
- Opprøret har nådd Aleppo
- Turister bortført i Sinai
- 40.000 drevet på flukt i Kenya
- Syria-sammenstøt i libanesisk by
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Frykter ny terrorallianse
- – Djindjic-drapsmann er arrestert
Neste sending: Urix
Urix
NRK2, fredag 10.2. kl. 15.40 | Legg i kalender[?]Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programleder: Christian Borch
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/urix.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: urix@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Verden på lørdag
Nettradio
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: vpl@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

