26.05.2012

1,2 milliardar menneske svelt

Økonomiprofessor Jayati Ghosh ved Nehru-universitetet i New Dehli snakkar om matvarekrisa

Øonomiprofessor Jayati Ghosh påpeikar at finanskrisa har skubba matkrisa ut frå overskriftene i media.

Matvarekrisa er verre en nokosinne, men finanskrisa har tatt søkelyset bort frå den dramatiske svoltkatastrofa.

For eitt år sidan var matkrisa sentral i nyheitsbildet, men i dag høyrer vi nesten ingen ting om problemet.

Realiteten er at endå fleire menneske svelt no. Matvareprisane er framleis er høge, samtidig har finanskrisa gjort folk fattigare.

Stig kraftig

Jayati Ghosh ved Nehru-universitetet i New Dehli påpeikar at finanskrisa har skubba matkrisa ut frå overskriftene i media.

- Då matkrisa skapte overskrifter i fjor, var langt færre ramma. No er det offisielt hungersnaud i nesten 40 land, seier økonomiprofessoren.

I dag er det 1,2 milliardar menneske som ikkje får tilstrekkeleg næring. Talet på folk som svelt er har aldri før stige like kraftig som det siste året.

- Ein av seks menneske har ikkje tilgang til nok mat, sa generalsekretæren i FNs matvareprogram Jacques Diouf på ein pressekonferanse nyleg.

Manglande kontroll

Den aukande hungersnauda dei siste åra har hovudsakleg skuld i økonomiske sjokk. Både matvareprogramet til FN og Jayati Ghosh meiner spekulasjon i matvarer står bak prissjokka.

- På same måte som manglande kontroll over finansmarknadene førte til bobler og finanskrise, førte manglande kontroll med råvarespekulantane til matkrisa, meiner Ghosh.

Da finanskrisa kom, fall ikkje matprisane for fattige folk. Deira eigen valuta fall, og i tillegg blei svært mange fattigare eller arbeidsledige på grunn av økonomisk tilbakegang.

- Forferdeleg for smårollingar

Finanspolitisk talsmann i Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, meiner ein må leggje om den internasjonale matvarepolitikken for å unngå liknande svoltkatastrofar i framtida.

- Matpolitikken må baserast på større produksjon og meir stabilitet. Det er kvinner og barn som blir hardast ramma. Smårollingar som ikkje får nok mat blir varig skadd, det er heilt forferdeleg, seier han.

Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden

NRK Butikken

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, tirsdag 29.5. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]

Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programledere: Annette Groth og Christian Borch

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK Alltid Nyheter, lørdag 26.5. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: vpl@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.