Salvatore Miceli (63) er mistenkt for å vere bindeleddet mellom dei to italienske mafiagrupperingane Cosa Nostra og N'drangheta, og colombianske narkotikakartell.
Miceli er på lista over Italias 30 farlegaste personar, og han skal vere ein nøkkelperson i smugling av narkotika frå Sør-Amerika til Europa.
Han vart arrestert natt til søndag i ein samordna aksjon mellom italiensk og venezuleansk politi, etter å ha vore på flukt sidan 2001.
Sicilianaren vart attkjend av italienske politifolk, trass i at han har gått gjennom fleire plastiske operasjonar for å endre utsjånaden.
- Dette er eit hardt slag mot Cosa Nostra, seier Guiseppe Luma tidlegare leiar for ein antimafia-komitè i det italienske parlamentet.
Salvatore Miceli er rekna for å vere ein del av den mektige gudfaren Matteo Messina Denaro sitt nettverk.
Italiensk politi har påført Cosa Nostra-mafiaen på Sicilia fleire alvorlege nederlag dei siste åra. Arresetasjonen av toppsjefen Bernardo "Traktoren" Provenzano i 2006, og etterfølgjaren hans Salvatore Lo Piccolo i 2007.
Venezuleanske styresmakter opplyser at Miceli i løpet av kort tid vil bli utlevert til Italia.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: