11.02.2012

Valet i Iran blir ikkje annullert

Demonstrasjonane i Teheran kosta minst sju menneske livet. (Foto: Vahid Salemi/AP)

Minst sju menneske vart drepne i uroa i Teheran i går.

Foto: Vahid Salemi/AP

Det iranske vaktarrådet har avgjort at det ikkje blir snakk om å annulere presidentvalet sist fredag.

Talsmannen for rådet, Abbasali Kadkhodia, seier at rådet har avvist klagen frå den tapande kandidaten, Mir Hossein Mousavi.

Rådet har likevel sagt at dei vil godta ei ny oppteljing av røystene frå valet.

Den tapande presidentkandidaten Mir Hossein Mousavi nektar å gi opp kampen. (Foto: STRINGER/IRAN/REUTERS)

Mir Hossein Moussavi nektar å gi opp.

Foto: STRINGER/IRAN/REUTERS

Protestar spreier seg

Protestane mot attvalet av Mahmoud Ahmadinejad har spreidd seg også til andre byar i Iran, og fleire hundre menneske er arresterte.

Det har vore demonstrasjonar i byane Mashhad, Isfahan og Shiraz, og folk har ropt støtte til Mir Hossein Mousavi frå hustaka, fortel augevitne.

Rundt 100 menneske er arresterte i Shiraz i den sørlege delen av landet, seier politisjefen i byen, Ali Moayedi, til nyheitsbyrået ISNA.

«Steinkastande bøller»

Han kallar demonstrantane bøller som strøymer ut i gatene, gjer hærverk mot offentlege bygningar og kastar stein på folk.

Det var planlagt ein marsj gjennom to hovudgater i Mashhad, men det store oppbodet av politi skremde folk frå å møte fram, fortel eit vitne til ISNA.

Samstundes melder det iranske statsfjernsynet i føremiddag at «hovudagentane» for uroa etter valet er arresterte, og at dei hadde både eksplosivar og våpen.

Arrestasjonar

Den engelskspråklege fjernsynskanalen Press TV fortalde om arrestasjonane i ein nyheitsbulletin, men gav ingen detaljar om kor mange som var arresterte eller kvar arrestasjonane har funne stad.

Det halvoffisielle nyheitsbyrået Faars melder, med ein høgtståande polititenestemann som kjelde, at ein del «antirevolusjonære» er arresterte med bombemateriale og våpen.

Fryktar ny uro

Blant dei arresterte dei siste dagane er den leiande reformpolitikaren Mohammad Ali Abtahi. Det har også blitt meldt at broren til tidlegare president Mohammad Khatali var arrestert, men dette blir avvist av politiet.

I dag er det frykt for nye samanstøytar i Teheran. Tilhengjarane til president Mahmoud Ahmadinejad har varsla støttedemonstrajonar på same staden der regimekritikarane har planlagt sin demonstrasjon seinare i dag.

Mohammad Ali Abtahi (t.h.) er blant dei arresterte (Foto: RAHEB HOMAVANDI/REUTERS)

Mohammad Ali Abtahi (t.h.) er blant dei arresterte.

Foto: RAHEB HOMAVANDI/REUTERS

(NRK-AFP-Reuters-NTB)
Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden

NRK Butikken

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, mandag 13.2. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]

Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programleder: Christian Borch

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK P2, lørdag 11.2. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: vpl@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.