26.05.2012

Omkomne frakta til land

Omkomne til land (Foto: Eraldo Peres/AP)

Dei første omkomne frå det styrta Air France-flyet er i dag frakta til land. Samstundes fortset jakta på dei svarte boksane i Atlanterhavet.

Dei omkomne er sendt til land på øygruppa Fernando de Noronha utanfor kysten av Brasil.

Offera skal saman med vrakrestane fraktast vidare til byen Recife på det brasilianske fastlandet, opplyser brasilianske tenestemenn.

Sjå bileta: Air France-ulukka

Les også: Halen til Air France funnet

Her skal dei identifiserast ved hjelp av DNA-testar og tannundersøkingar. I tillegg skal franske etterforskarar sjå nærare på flydelane som er henta opp frå havet.

Omkomne til land (Foto: BRUNO DOMINGOS/REUTERS)

Dei omkomne blir frakta til øygruppa Fernando de Noronha utanfor Brasil.

Foto: BRUNO DOMINGOS/REUTERS

Jaktar på svar i svarte boksar

Jakta på dei såkalla svarte boksane, ferdskrivaren og taleregistratoren, held fram. Håpet er at dei inneheld opptak av samtalane i cockpiten.

I dag segla eit fransk skip frå øygruppa Kapp Verde i Atlanterhavet. Målet er at det på torsdag skal vere med å leite etter svara på flymysteriet.

Skipet, som mellom anna blir brukt av den franske marinen, har med seg to robot-ubåtar som kan søkje heilt ned til 6.000 meter under vassoverflata.

Byter ut fartsmålarane

Dei siste meldingane frå flyselskapet Air France tyder på at dei kjem til å byte ut fartsmålarane på Airbus A330 og A340 innen få dagar.

Fagforeininga bad i dag pilotane i selskapet om å nekte å fly flymodellane A330 og A340 før dei såkalla pitotrøyra er skifta ut.

Les også: SAS bytter ikke ut fartsmålere

Årsaka til ulukka skal ha vore at fartsmålarane svikta i det dårlege vêret, noko som kan ha ført til at flyet hadde feil fart i forhold til vêrtilhøva.

Air France-flyet hadde 228 menneske om bord då det styrta i Atlanterhavet 31. mai.

(NTB/AFP)
Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden

NRK Butikken

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, tirsdag 29.5. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]

Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programledere: Annette Groth og Christian Borch

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK Alltid Nyheter, lørdag 26.5. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: vpl@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.