Hopp til innhold

Avviser forhold til tenåringsjente

Italias statsminister Silvio Berlusconi avviser at han har hatt eit upassande forhold til ei tenåringsjente.

Silvio Berlusconi nekter for å ha eit forhold til 18-åring.

Silvio Berlusconi vil ikkje ha på seg at han har eit forhold til ei 18 år gammal jente.

Foto: STRINGER/ITALY / REUTERS

Det starta for nokre veker sidan då kona til Berlusconi, Veronica Lario, varsla at ho ville ha skilsmisse, etter at ektemannen hadde vore i fødselsdagsselskapet til den18 år gamle fotomodellen Noemi Latizia.

Her gav han henne eit dyrt smykke i gåve, og kona sa at ho ikkje kunne vere gift med ein mann som heldt seg saman med tenåringsjenter.

Sverjer ved borna

Noema Letzia, 18 år gammal fotomodell frå Napoli.

Noema Letzia er dottera til ein rik forretningsmann i Napoli.

Foto: - / AFP

Ho meir enn ymta om at dei to hadde eit forhold.

I dag sa Silvio Berlusconi han hadde måtte gå av som statsminister straks, om han ikkje hadde snakka sant.

- Om eg hadde snakka usant, eller hadde hatt eit forhold til ei tenåringsjente, hadde eg gått av. Eg sverjer ved livet til borna mine, sa ein kjensleladd Berlusconi til journalistar i Abruzzo i dag.

I dag fekk han også støtte frå borna sine. Dottera Letizia sa at alt snakket om forholdet til 18-åringen var eit fjell av rykte fullstendig utan grunnlag. Den eldste dottera, Marina Berlusconi, sa i eit intervju i dag at rykta om faren gjer henne rasande.

Respekt for andre

Pier Silvio Berlusconi, den eldste sonen til statsministeren, seier at han har dei same verdiane som faren, arbeidsglede, sjenerøsitet og respekt for andre. Han kallar skuldingane mot faren for løgn.

Også den yngste sonen, Luigi, som Silvio Berlusconi har med Veronica Lario, gjekk ut med støtte til faren i dag.

Det som fekk den yngre Berlusconi-generasjonen var ikkje berre rykta om 18-åringen, men vel så mykje at opposisjonsleiaren Dario Franceschini i eit intervju i går spurde om italienarane burde spørsje seg om dei ville at borna deira skulle ha ein far som Berlusconi.

Orsaking

Veronica Lario var gift med Silvio Berlusconi.

Veronica Lario har ikkje bede om orsaking.

Foto: VINCENZO PINTO / AFP

Tidlegare denne månaden gjekk Silvio Berlusconi ut på italinsk fjernsyn og kravde at kona Veronica Lario skulle be om orsaking for skuldingane ho hadde kome med mot han.

Men det har ho ikkje gjort.

No har også den katolske kyrkja gått ut med kritikk av den italienske statsministeren. Den mektige kyrkja har uttrykt misnøye med at han igjen er i ferd med å bli skilt, og med at han har planar om å nominere fotomodellar til plassar i Europa-parlamentet.

Den katolske dagsavisa Avvenire skreiv nyleg på leiarplass at statsministeren burde, gjennom måtehald, avspegle nasjonen si sjel.

Politiske observatørar i Italia trur ikkje uroa kring statsminsteren sitt privatliv vil skade støttespelarane hans ved valet til EU-parlament neste veke. Målingar viser at Fridomspartiet vil ta ein solid siger.

SISTE NYTT

Siste nytt