18.06.2013

Ikkje samde om palestinsk stat

Barack Obama og Benjamin Netanyahu møttest i Det kvite hus. (Foto: Charles Dharapak/AP)

Barack Obama og Benjamin Netanyahu er ikkje samde om alt.

Foto: Charles Dharapak/AP

Barack Obama sa etter møtet med Benjamin Netanyahu i dag at USA står fast på kravet om ein sjølvstendig palestinsk stat.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu sa på si side at palestinarane bør styre seg sjølve, men han nemner ikkje ein palestinsk stat.

Dette var det første møtet mellom dei to etter at Netanyahu vart vald til ny statsminister i Israel i april.

Fredsprosess

Dei to møtte pressa saman etter møtet i det ovale rommet i Det kvite hus i kveld norsk tid. Dei viktigaste sakene dei drøfta var den israelsk-palestinske fredsprosessen, og også det iranske atomprogrammet.

Benjamin Netanyahu sa at Israel er klar til å starte fredsforhandlingar med ein gong, men han krev at palestinarane må godkjenne Israel som ein jødisk stat. Det er uklart kva han legg i uttrykket jødisk stat.

Netanyahu sa at Israel ikkje har noko ynskje om å styre palestinarane, men at landet vil leve i fred med dei.

Barack Obama sa på si side at både israelarar og palestinarar må gripe den sjansen som no ligg der til å få til ein fredsavtale.

Den amerikanske presidenten sa etter møtet at USA meiner at Israel har ei klar plikt til lå stanse utbygginga av busetjingar i dei palestinske områda.

Ein talsmann for den palestinske presidenten Mahmoud Abbas seier at Obamas gjentaking av at han går inn for ei tostatsløysing, og kravet om stans i utbygginga av israelske busetjingar, er eit positivt signal.

Atomvåpen

Barack Obama seier at han ikkje vil setje ein kunstig frist for forhandlingar med Iran, men han meiner det er naudsynt med framgang i forholdet til Iran i løpet av 2009.

- Eg ventar at vi vil starte forhandlingane like etter det iranske presidentvalet, og før nyttår bør vi har ein rimeleg god sjanse til å sjå om samtalane går i rett retning, sa Obama.

Han sa også at han ikkje vil utelukke bruk av ei rekkje tiltak overfor sanksjonar, inkluderte sanksjonar, om landet held fram atomprogrammet sitt.

Han sa ingenting om kva som vil skje om det ikkje blir gjort framgang, men både Israel og USA er sikre på at Iran er i ferd med å utvikle atomvåpen.

Begge landa har tidlegare gjort det klart at dei vil gjere alt for å hindre at Iran skal bli ei atommakt.

Barack Obama og Benjamin Netanyahu i Det ovale rommet. (Foto: LARRY DOWNING/REUTERS)

Barack Obama og Benjamin Netanyahu i Det ovale rommet.

Foto: LARRY DOWNING/REUTERS

Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden