Vedtek truleg einsidig våpenkvile

Israel går truleg inn for einsidig stans i offensiven mot Gaza, utan å inngå ei formell våpenkvile med Hamas.
Publisert 16.01.2009 19:47.
- Skriv ut
Det melder israelske regjeringskjelder i kveld, ifølgje Reuters.
Den israelske regjeringa kjem til å ta stilling til forslaget om ei einsidig våpenkvile i morgon.
- Går inn for forslaget
Ifølgje ein representant frå den israelske regjeringa er det venta at tryggingskabinettet kjem til å stemme for forslaget.
Dermed ser det ut til at Israel følgjer oppmodinga til FNs generalsekretær Ban Ki-moon. Han oppmoda i dag Israel til å innføre ei einsidig våpenkvile, sjølv om Hamas ikkje er med på avtalen.
Hamas vil ikkje godta
Ei einsidig våpenkvile kan gjere at Hamas ikkje dreg politiske fordelar som ei offisiell våpenkvile kunne har gjort.
Hamas-leiar Hhaled Meshaal har tidlegare i dag sagt at den palestinske gruppa ikkje vil godta Israels vilkår for ei våpenkvile.
Les også: Avviser våpenhvile med Israel
Soldatane bli i Gaza
Trass det israleske forslaget held forhandlingane i Kairo om det egyptiske forslaget til våpenkvile på Gazastripa fram.
Dei israelske styrkane vil også halde seg i Gaza – sjølv om forslaget vert banka igjennom i kabinettet i morgon.
Israel meiner ein fredsavtale ikkje kan kome på plass så lenge Hamas har våpen.
Video: Utanriksministrane i Israel og USA, Tzipi Livni og Condoleezza Rice, skreiv i dag under ein avtale som skal stoppe våpensmuglinga til Gaza.
Minst ti personar er drepne i eit isralesk åtak på eit hus i Gaza by i dag. Totalt er omlag 1.100 palestinarar drepne sidan krigføringa starta 27. desember.
Midtøsten
- Ungdom drepen i uro på Vestbreidda
- Er en palestinsk stat realistisk?
- Israel - grensene og bosettingene
- Ban: Støtter palestinsk stat
- Nytt israelsk angrep mot Gaza
- Likud forbigått på israelsk måling
- - Ber Israel stoppe all bosetning
- Nytt rakettangrep frå Gaza
- - Midtausten-fred umogleg no
- Ny rakett fra Gaza mot Israel
- Clinton i Moskva for fredssamtalar


