Hopp til innhold

Gasskrise i europeisk vinterkulde

EU kallar kutta i dei russiske leveransane av naturgass til Europa totalt uakseptable, og krev at Russland og Ukraina ryddar opp.

Gassmåler på rørledningen i Ukraina
Foto: SERGEI CHUZAVKOV / AP

Slovakia vil erklære unntakstilstand etter at russiske Gazprom i natt stengde av det meste av gasstilførselen til Europa gjennom Ukraina.

Også regjeringa i Bulgaria seier landet er i krise, og truar med å starte opp igjen gamle kjernekraftreaktorar for å bøte på gassmangelen.

- Alle leveransar via Ukraina til Bulgaria og vidare til Tyrkia, Hellas og Makedonia stoppa natt til i dag, seier økonomiminister Petar Dimitrov. Også Bosnia og Italia har meldt om stans i dei russiske levaransane.

Leveransen til Romania er redusert med 75 prosent.

Gasskuttet kjem samstundes som vinterkulda for alvor inntek Europa.

- Den russiske energigiganten Gazprom har kutta kraftig i gasstilførselen til Europa gjennom Ukraina, seier det ukrainske gasselskapet Naftogaz.

Ifølgje det ukrainske gasselskapet Naftogaz har Russland kutta gasstilførselen til rundt ein tredel av vanleg leveranse.

- Klarer ikkje å levere

- Dei har redusert leveransen til 92 millionar kubikkmeter i døgnet, mot 221 kubikkmeter som er lova, utan forklaring. Vi forstår ikkje korleis vi skal kunne levere gass til Europa, seier talsmann Valentin Zemljanskij for Naftogaz.

Ifølgje økonomiministeren i Bulgaria er alle leveransar via Ukraina til Bulgaria og vidare til Tyrkia, Hellas og Makedonia stoppa, medan leveransen til Romania er redusert med 75 prosent.

EU-land har opplevd sporadiske svikt i gasstilførselen heilt sidan det russiske gasselskapet Gazprom stengte leveransen til Ukraina 1. januar.

I ei erklæring frå EU heiter det at situasjonen er fullstendig uakseptabel. Det tsjekkiske formannskapet og EU-kommisjonen krev at leveransane til EU vert teke opp att med det same.

EU meiner kuttet som kom utan varsling, er at det er i strid med forpliktingane Russland og Ukraina har med Unionen.

Meiner Ukraina stel gass

Det var i går den russiske statsministeren Vladimir Putin ba Gazprom om å redusere gassforsyningane også til Europa. Årsaka er at Russland meiner Ukraina forsyner seg med gass som skulle ha gått til Europa.

Reduksjonen i gasstilførselen uroar EU, som står framfor ein hard vinter med mange minusgrader. I går sende EU-kommisjonen og det tsjekkiske EU-formannskapet ein delegasjon til Kiev i Ukraina for å få meir informasjon om kvifor gassleveringa frå Russland sviktar.

EU skjelv

- Vi går mot ei veke som er kaldare enn den førre, og det vil auke behovet for gass. Difor er vi uroa, seier talsmann Ferran Tarradellas Espuny for EUs energikommissær Andris Piebalgs.

Han forsikrar samstundes at situasjonen så langt ikkje har gått ut over sluttbrukarane i Europa, blant anna på grunn av solide gasslager. Gasstilførsla frå Russland er likevel svært viktig for EU og heile 80 prosent av denne går gjennom Ukraina.

EU aukar difor presset mot Russland og Ukraina for å få dei to til å verte samde. Målet er å unngå ein situasjon som det ein hadde i 2006, då ei tilsvarande strid ramma EU hardt.

SISTE NYTT

Siste nytt