Hopp til innhold

100 arresterte i mafia-operasjon

Italiensk politi har arrestert rundt 100 personar i ein gigantisk antimafia-aksjon på Sicilia og det italienske fastlandet i dag.

Over 100 mafia-mistenkte arresterte i Italia

Denne karen ser ikkje ut til å vere særleg uroleg etter pågripinga.

Foto: MARCELLO PATERNOSTRO / AFP

Pietro Grasso, sjefen for mafiaoperasjonane i den italienske påtalemakta, seier at dei har påført Cosa Nostra eit alvorleg slag.

Operasjon Perseus vart sett i verk i morgontimane i dag, etter ni månader med grundig planlegging. 1200 politifolk deltok i aksjonen, støtta av blant anna helikopter og pansra køyrety.

Dei fleste av dei arresterte vart bokstaveleg talt tekne på senga.

Video nsps_upload_2008_12_16_12_49_20_377.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Størsteparten vart pågripne i det som er høgborga til Cosa Nostra, Sicilia, men det vart også gjort arrestasjonar i Toscana og Lombardia på det italienske fastlandet.

I kneståande

Italiensk politi har dei siste åra gjennomført ei rad vellukka aksjonar mot den siclianske mafiaen. Den viktigaste var i 2006, då "sjefen over alle sjefar" i organisasjonen, Bernardo "Traktoren" Provenzano vart arrestert.

Pietro Grasso sa det slik etter arrestasjonane i dag:

- Om Cosa Nostra vart tvungen ned i kneståande etter aksjonen i 2006, har operasjonen i dag hindra dei i å reise seg igjen".

Politiet seier dei har pågripe dei aller fleste av dei nye leiarane i Cosa Nostra, som har vore utan ei klar leiing sidan Provenzano vart arrestert. Mannen som vart rekna som Provenzano sin kronprins, Salvatore Lo Piccolo, vart arrestert i 2007.

Det var ei storstilt avlytting av mistenkte mafia-medlemer som førte fram til arrestasjonane i dag, opplyser ein talsmann for politiet i Palermo.

Det har lenge vore mistanke om at Cosa Nostra har prøvd å få på beina igjen det mektige øvste rådet i organisasjonen, som normalt har teke alle viktige avgjerder.

Sentralt råd

I motsetnad til N'drangheta-mafiaen, som opererer i Kalabria sør på det italienske fastlandet, har eit av varemerka til Cosa Nostra vore at dei har hatt eit sentralt råd som nærmast har hatt all makt.

N'drangheta har ein langt flatare organisasjon med familiegreiner som opererer nærmast uavhengige av kvarandre. Dette har gjort det vanskelegare for politiet å få oversikt over grupperingane.

Den tredje av dei viktigaste mafiagruppene i Italia er La Camorra, som har hovubasen sin i Napoli.

Den italienske mafiaen omsette for 1100 milliardar norske kroner i 2007. Ingen lovlege bedrifter i Italia kjem i nærleiken av slike tal.

Ein av dei arresterte blir ført bort av politiet.

Ein av dei arresterte blir ført bort av politiet.

Foto: MARCELLO PATERNOSTRO / AFP
Italienske polifolk etter den vellukka mafia-aksjonen.

Italienske politifolk etter den vellukka aksjonen i Palermo.

Foto: MARCELLO PATERNOSTRO / AFP