Her er Sir Nils Olav

Kongepingvinen vart adla i Edinburgh Zoo i dag.
Publisert 15.08.2008 16:36.
- Skriv ut
Har du hørt den om pingvinen som vart gjort til norsk ridder? Vel, det har du no, vitsar Sky News på sine nettsider.
For det er sant: Pingvinen Nils Olav i Edinburgh Zoo har - med tillating frå Kong Harald - vorte adla og skal frå i dag av omtalast som Sir.
Og det skjedde ikkje i det stille.
- Vi har hatt ein stor seremoni i Edinburgh Zoo i dag, med militærparade for pingvinen og stort presseoppbud, seier kaptein Rune Wiik i Hans Majestet Kongens Gardes musikk- og drilltropp.
Sjå seremonien her: Nils Olav adlet
Maskot sidan 1961

Pingvinen Nils Olav er nyutnemnt Sir.
Foto: ED Jones/AFPDen noko uvanlege historia går tilbake til 1913, då nordmannen Lord Salvesen gav Edinburgh Zoo ein kongepingvin og donerte pengar til å skape ein kongepingvinkoloni.
48 år seinare valde den unge norske løytnanten Nils Egelien som var på besøk i parken å adoptere ein kongepingvin som maskot.
Maskoten vart i 1972 gjeven graden visekorporal og namnet Nils Olav, delvis etter løytnanten sjølv og delvis etter Kong Olav.
Sidan den gong har pingvinen fått høgar grad kvar gong Hans Majestet Kongens Garde har vore med på militærparaden i Edinburgh, og i dag vart han gjort til riddar.
«Vi var her i 2005 og gjorde han til major, og i dag vart han adla av generalmajor Euoen Loudon, som er sjef for Edinburgh Military Tattoo.»
Rune Wiik
Forfremminga av pingvinen har fått stor merksemd i Skotland og er ifølgje Wiik ei symbolsk handling for å styrkje vennskapen mellom Noreg og Skotland og skape blest rundt pingvinkolonien i Edinburgh Zoo.
Gjensidig forhold

Sir Nils Olav flottar seg for fotografane i Edinburgh Zoo.
Foto: David Cheskin/APKongepingvinar vert i gjennomsnitt rundt 20 år gamle, så Wiik kan ikkje garantere for at maskoten er den same no som i 1972. Men han er heilt sikker på at pingvinen som i dag vart Sir er den same som vart gjort til major i 2005.
- Han kjende tydeleg att dei mørke uniformane til Garden frå sist gong, det kan eg skrive under på. Pingvinar er jo vanlegvis skye dyr, som held seg unna menneske, men denne her er nyfiken og likar selskap, seier han.
Det stadfestar Darren McGarry ved Edinburgh Zoo.
- Nils gjekk rett mot den norske garden då dei kom. Han elskar merksemda han får ved seremoniane og tek seg til og med tid til å inspisere troppane.
"Sir" for evig
No står det att å finne ut kva som skal skje med Sir Nils Olav neste gong Garden dreg til Edinburgh.
«Vi har nokre år til å gruble på det. No når han fyrst er adla, så får vi vel bruke graderingane innanfor det britiske systemet for å få han endå litt høgare. Vi skal nok finne på noko.»
Rune Wiik
Lyd og video
Nyheter fra verden
Neste sending: Urix
Urix
NRK2, tirsdag 29.5. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programledere: Annette Groth og Christian Borch
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/urix.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: urix@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Verden på lørdag
Nettradio
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: vpl@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Baku: Den vakre byen ved havet