Tilbake til normalen i Frankrike
Situasjonen i Frankrike er tilbake til normalen, etter nær tre veker med uro. (Foto: AFP/Scanpix)Fransk politi seier at situasjonen i landet no er tilbake på normalt nivå, etter nesten tre veker med alvorleg uro.
Publisert 17.11.2005 12:20.
- Skriv ut
33 menneske vart arresterte i natt i samband med uroa.
Dei 98 bilane som vart påtende utgjer om lag det som var normalt før den alvorlege uroa i forstadene til Paris starta for snart tre veker.
Uroa spreidde seg til dei fleste andre storbyane i landet, og det vart gitt løyve til lokale styresmakter å innføre unntaktstilstand i sine område.
Nasjonalforsamlinga har godkjent at denne ordninga blir utvida med nye tre månader.
I løpet av uroa som starta 27. oktober er 9000 bilar påtende, og nær 3000 personar er arresterte. Fleire titals skular, treningssenter, kjøpesenter og butikkar vart også påtende i perioden.
Opptøyane i ein av forstadene til Paris starta etter at to ungdomar omkom etter at dei gøymde seg i ein transformatorstasjon. Politiet avviser at dei to vart jaga dit av dei, men mange ungdomar i området oppfatta det som om dei vart jaga i døden av politiet.
Dei fleste som har delteke i uroa er unge og frustrerte andregenerasjons innvandrarar frå Nord-Afrika. Dei kjenner seg utstøytte i det franske samfunnet, og seier at dei er utestengde frå arbeidsmarknaden. (NRK-AFP)
Ungdomsopptøyer i Paris
- Ungdomsopptøyer utenfor Paris
- Jaget passasjerer - busser påtent
- 400 arrestert i Paris
- Ni politifolk såret i Paris
- Opphever unntakstilstanden
- 425 biler påtent i Frankrike
- Anklager fransk hip hop
- Frankrike: Over 4700 pågrepet
- Tilbake til normalen i Frankrike
- 126 politifolk skadd i opptøyene
- Appellerte til bråkmakere


