Dette blir oppplyst av ein anonym FN-tenestemann i den ungandiske hovudstaden Kampala. Den amerikanske diplomaten som er spesialutsending for FN i landet, William Lacy Swing, seier til Reuters at han kjenner til at ICC vil ha tak i fem personar.
Luis Moreno Ocampo er aktor i Den internasjonale straffedomstolen ICC i Haag. (Foto: AP/Scanpix)
ICC, som har base i Haag i Nederland, har ikkje tidlegare utferda arrestordre. Dei har sendt arrestordren til Uganda, Sudan og Kongo, der dei fem leiarane kan opphalde seg. Ingen i ICC i Haag vil stafeste dette.
- Dette er historisk, seier Richard Dicker i Human Rights Watch til BBC.
Herrens Motstandshær, Lord's Restistance Army, er ein svært brutal geriljahær, som har som uttalt mål å ta makta i Uganda.
Geriljaen er illgjeten for drap, valdtekter og mishandling av born. Dei er spesielt kjende for å bortføre born og unge, og bruke dei som soldatar, sex-slavar og berarar.