21.05.2013

Innsjø kan breste når som helst

Tangjiashan-dammen (Foto: BO BOR/REUTERS)

Tangjiashan-innsjøen i Kina er nær brestepunktet, og situasjonen er ekstremt farleg.

Ifølgje styresmaktene kan over 1 million menneske bli ramma.

Jordras stenger elva

Innsjøen vart danna av leirras etter jordskjelvet som ramma Sichuan-provinsen 12. mai. Stadige etterskjelv og store mengder nedbør gjer at innsjøen kan breste om kort tid.

Det er danna 35 innsjøar som fylgje av at jordmassar raste ut i elvar i samband med jordskjelvet.

Spenger bort stein

Kinesiske soldatar har den siste tida jobba på spreng for å evakuere 80.000 menneske på grunn av flomfare.

LES: Frykter oversvømmelse

Det er varsla mykje regn i tida som kjem, noko som gjer faren for at demningane skal breste enda større. Ved å sprenge bort steinar, jord og bygningsrestar håpar kinesarane på å unngå endå ein katastrofe i dei allereie hardt ramma områda.

(NRK/AFP/NTB)
Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden