11.02.2012

100.000 for Gaza-retrett

Over 100.000 menneske deltok i den store demonstrasjonen i Tel Aviv i kveld. (Foto: AP/Scanpix)Over 100.000 menneske deltok i den store demonstrasjonen i Tel Aviv i kveld. (Foto: AP/Scanpix)

Over 100.000 menneske demonstrerte i Tel Aviv i kveld for israelsk tilbaketrekking frå Gazastripa.

Den israelske fredsrørsla arrangerer demonstrasjonen i Tel Aviv. (Foto: Reuters/Scanpix)Den israelske fredsrørsla arrangerer demonstrasjonen i Tel Aviv. (Foto: Reuters/Scanpix)

13 israelske soldatar er drepne på Gazastripa denne veka, og dette har gjort at kravet om å trekkje soldatane og busetjarane ut av Gazastripa har auka i styrke i Israel.

Det var den israelske fredsrørsla som arrangerte demonstrasjonen i kveld, og arrangøren har uttrykt håp om at demonstrasjonen kunne bli den største på fleire år i Israel.

7500 israelarar bur på den tett befolka Gazastripa blant 1,3 millionar palestinarar.

Statsminister Ariel Sharon har foreslått ei israelsk tilbaketrekking frå Gazastripa, men har ikkje fått støtte i sitt eige parti, Likud.

Ein av talarane på Rabin-plassen i Tel Aviv i kveld var leiaren for det største opposisjonspartiet, Arbeidarpartiet, Shimon Peres. Han oppmoda Ariel Sharon til å gå vidare med planen om ei israelsk tilbaketrekking frå Gazastripa.

Det er uklart kor mange menneske som har vore med på demonstrasjonen i kveld, men nokre kjelder seier at så mange som 200.000 deltok. Arrangøren tippar at det er snakk om rundt 150.000.

Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden

NRK Butikken

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, mandag 13.2. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]

Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programleder: Christian Borch

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK P2, lørdag 11.2. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: vpl@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.