Hopp til innhold

Ny storaksjon mot Napoli-mafiaen

Italiensk politi har i løpet av dagen arrestert 53 mistenkte medlemer av mafiagruppa La Camorra i Napoli-området.

Arrestasjonen av Giuseppe Iovine, broren til mafia-toppen Antonia Iovine.
Foto: NUNZIO MARI / AFP

Det er teke beslag i verdiar for 80 millionar euro, 640 millionar kroner, i aksjonen mot Casalesi-klanen i byen Casal di Principe like utanfor storbyen Napoli.

Blant dei arresterte er Guiseppe Iovine, broren til mannen politiet reknar som den viktigaste og mest frykta mafiasjefen i Casalesi-klanen, Antonio Iovine.

Guiseppe Iovine arbeider i det "sivile" som trafikkpoliti i ein av nabobyane til Casal di Principe.

Nett-TV: Storaksjon mot mafiaen i Napoli

Ny storaksjon mot Camorraen i Italia

I alt 53 personar vart arresterte i aksjonen.

Foto: RAI/EBU

Ein nær medarbeidar av Antonio Iovine er også blant dei arresterte, saman med fleire lokale politikarar.

Verdiane det vart teke beslag i under aksjonen i dag var både kontantar, aksjar, eigedomar, luksusbilar og andre dyre gjenstandar. Politiet sikra seg også ein del ulovlege våpen.

Politiet seier verdiane kjem frå ulovleg gambling og anna kriminell verksemd.

Ein polititalsmann seier at dei har funne bevis for at La Camorra har muta politikarar og tenestemenn for å skaffe seg å offentlege oppdrag.

Arrestasjonane i dag skjer like etter filmen "Gomorra" har premiere på den internasjonale filmfestivalen i Cannes og plukka også med seg Grand Prix-prisen i går.

Filmen handlar om nettopp La Camorra sine aktivitetar i Napoli-området, og om kor stor makt den kriminelle organisasjonen verkeleg har i denne delen av Italia.

Filmen er basert på Roberto Saviano si bok med same namnet og er regissert av Matteo Garrone.

Og ikkje nok med det, filmen "Il Divo" fekk juryens spesialpris. Denne handlar om Italias mangeårige statsministar Giulio Andreotti og hans forhold til mafiaen.

Mafia-arrestasjonar i Italia

Det var fleire kvinner blant dei arresterte.

Foto: RAI/EBU
Arrestasjonane starta i natt og heldt fram ut over føremiddagen.

Arrestasjonane starta i natt og heldt fram utover føreimiddagen.

Foto: RAI/EBU

SISTE NYTT

Siste nytt