Trugar Noreg med boikott

Fronten for reform og heilag krig trugar Noreg med boikott, dersom Mulla Krekar vert sendt ut av landet.
Publisert 09.01.2008 18:05. Oppdatert 09.01.2008 21:15.
- Skriv ut
Fronten for reform og heilag krig seier i ei fråsegn til AFP, at dei vil arbeida for å få til ein internasjonal boikott av Noreg og norske varer om utvisingsvedtaket mot Krekar vert gjennomført.
Norsk Høgsterett stadfeste 8. november vedtaket om å utvisa krekar frå landet. Vedtaket vart opphavleg gjort i 2003, og grunngjevinga var at Krekar utgjer ein fare for tryggleiken til Noreg.
Norsk lov hindrar likevel at vedtaket vert i verk før situasjonen i Irak betrar seg.
Kan koma til å angra
«Dersom norske styremakter ikkje omgjer avgjerda, vil me be om ein brei boikott av varene deira og at ingen handlar med dei» heiter det i fråsegna.
Og fronten åtvarar vidare om at «[...]viss ikkje denne saka vert handtert varleg, vil ho enda opp med å verta verkeleg vond for norske styremakter og dei vil angra avgjerda»
Fronten for reform og heilag krig er den mektigaste opprørsgruppa i Irak. Gruppa vart skipa i april i fjor og samla med det dei store islamistiske grupperingane i landet, mellom desse er Ansar al-Islam.
Ser med uro på behandlinga av Krekar
Fronten seier at der fylgjer utviklinga nøye, og ser med djup uro på at dette vert gjort mot Krekar. Dei reagerer på at han lovleg har budd i Noreg i mange år og at han aldri har gjort noko kriminelt eller skadd nokon.
Krekar har budd som flyktning i Noreg sidan 1991 og har etter at norske media avslørte at han hadde grunnlagt Ansar al-Islam, vore truga av utvising. Ansar al-islam står på USA si liste over terrororganisasjonar.
Krekar innrømmer at han har grunnlagt organisasjonen, men seier at han ikkje har fronta han sidan mai 2002. No fryktar han at livet hans vil vera i fare om han reiser attende til Irak.
Han har tidlegare gått ut og støtta ”jihad”, heilag krig, i Irak og han har samanlikan den amerikanske okkupasjonen av landet med korleis nazistane invaderte europeiske land under andre verdskrigen og han insisterte til at Al qaida-leiaren Osama bin Laden er «ein bra mann».
Endrar ingenting
Utanriksminister Jonas Gahr Støre seier til NRK at dette ikkje endrar noko.
– Den einaste kommentaren eg har er at dette endrar ikkje det som er den norske avgjerder gjort av norske styremakter og norske domstolar, eller at det er eit utvisningsvedtak som er stadfest av Høgsterett.
Det er Per-Willy Amundsen i Framstegspartiet meiner at det er all grunn til å ta trugsmålet om økonomisk boikott frå opprørsrørsla alvorleg, og meiner at det er vanskeleg å ikkje sjå dette i samanheng med kva Krekar har sagt tidlegare, som han meiner kan tolkast som trugslar om terror mot Noreg.
Irak-ekspert Truls Tønnessen meiner at dette meir ein pr-framstøyt enn eit reelt trugsmål. Han seier at denne opprørsgruppa ikkje har særleg mykje å seia i den muslimske verda og meiner at dei gjer dette for å få merksemd.
(AFP/NRK/NTB)Mulla Krekar
- Frp krever Krekar fengslet
- Krekar blir anmeldt på nytt
- Mulla Krekar tiltalt for trusler
- Mulla Krekar driver nettuniversitet
- Krekar blir henrettet ved retur
- Krekar-siktet nekter kjennskap
- Drapsforsøkssiktet blir utlevert
- Tiltales trolig for drapstrusler
- – Krekar får neppe dødsstraff
- Solberg vil tvangsutsende Krekar
- - Kan ta flere år før Krekar reiser
Nyheter fra verden
- The Sun-journalister arrestert
- Sammenstøt i libanesisk by
- Afghanske kvinners liv vises i Oslo
- Boko Haram vil forhandle om fred
- Irans unge ser ingen fremtid
- Millioner tvinges til barnearbeid
- Varsler streiker i Egypt lørdag
- Syria-ambassadør med sterke bilder
- Fotball, liv og død i Egypt
- - Vi vil aldri anerkjenne Israel
Neste sending: Urix
Urix
NRK2, mandag 13.2. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programleder: Christian Borch
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/urix.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: urix@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Verden på lørdag
Nettradio
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: vpl@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

