Russland vil skjerpe nettkontrollen

Skjermbilete av russisk nettavis
Foto: Skjermbilete/NRKRussiske styresmakter vurderer å opprette eit separat kyrillisk-basert internett for å skjerpe kontrollen med russiskspråklege nettsider.
Publisert 03.01.2008 15:43.
- Skriv ut
Eit eige nett basert på det kyrilliske alfabetet kan kome til å verte så godt som uavhengig frå resten av verdsveven. Det skriv den britiske avisa The Guardian.
I følgje organisasjonen Internet Governance Forum kan russiske brukarar kome til å trenge eit eige passord frå styresmaktene for å få tilgang til det globale nettet. Dette vil gje styresmaktene effektiv kontroll med nettbruken.
Verktøy mot kriminalitet
Russiske styresmakter argumenterer med at det separate nettet skal vere eit verktøy i kampen mot internettkriminalitet, men vestlege tryggleiksekspertar ser det annleis. I følgje Guillaume Lovet ved IT-tryggleiksselskapet Fortinet, er IT-kunnskapen hjå russiske datakriminelle så høg, at ein slik kontroll ikkje vil fungere.
«- Eit kvart forsøk på å stenge russiske hackarar inne i eit slags russisk cyberspace er dømd til å mislukkast.»
Guillaume Lovet
Andre IT-ekspertar går lengre, og meiner at dette skilje kan gjere det vanskeleg å spore russisk cyberkriminalitet.
- Dette vil fungere som ein mur mellom dei kriminelle og offera deira, meiner forskar og Russlands-ekspert Jose Nazario ved IT-tryggleiksselskapet Arbor.
- Det inneber også ei opptrapping av spenninga mellom Russland og Vesten, seier han.
Tryggleiksproblem
Heilt problemfritt er eit kyrillisk-basert internett heller ikkje sett frå russisk side. Eit av hovudproblema for russarane er at det russiske toppdomenet, som har det romanske ASCII-suffikset .ru, vert til .py på kyrillisk. Og domenenamnet .py tilhøyrer allereie Paraguay.
Denne overlappinga kan gje tryggleiksproblem for russarane. Difor prøver russiske styresmakter no å få tildelt toppdomenet .rf frå det internasjonale organet Icann, som kontrollerer toppdomena i verda.
Servarkontroll
Eit avgjerande spørsmål er kor vidt russiske internasjonale domenenamn vil kome til å bruke russiske hovudservarar eller om det skal bruke dei eksisterande hovudservarane i dag, som stort sett held til i USA.
Nye servarar kan løyse tryggleiksproblemet overfor Paraguay, og vil heller ikkje koste særskild mykje å setje opp. I følgje IT-ekspertar vil nye servarar derimot skape ei mengd tekniske problem.
Russarane vil mellom anna måtte setje opp eigne bruer mellom det kyrilliske nettet og det globale ASCII-dominerte nettet.
(NTB)
Russland
- Russland vil vurdere Snowden-asyl
- Derfor støtter Russland Assad
- Frykter ny atomkatastrofe
- «Svart enkje» sprengde seg sjølv
- Spionanklaget har forlatt Moskva
- – CIA-agent arrestert i Moskva
- Alvorlig lekkasje ved romstasjon
- Nye protester mot Putin i Moskva
- 38 omkom i sykehus-brann
- Putin vil terror-samarbeide med USA
- Navalnij tvitrer fra rettssalen
Nyheter fra verden
Nytt virus tar liv i Saudi-Arabia - Identifiserer Guantanamo-fanger
- Derfor valgte Snowden Hong Kong
- Demonstrerer mot Syria-støtte
- Dødelig monsun-regn herjer i India
- Ordfører i Canade pågrepet
- Forsøker å unngå regjeringskrise
- Iran åpner for atom-samarbeid
- Syria dominerer G8-møtet
- Syriske fedre drepes foran barna




