19.03.2010

Politiet rydda okkupert hus

Stevnsgades skole (Foto: Keld Navntoft/Scanpix)

Rundt 150 ungdomar okkuperte i kveld ein skule på Nørrebro i København, men politiet kasta dei ut etter eit par timar.

Stevngades skole er tidlegare foreslått som nytt ungdomshus, etter at det tidlegare okkuperte ungdomshuset i Jagtvej 69 vart rive.

- No tek vi dette huset fordi vi alt har konstatert at det er eigna til ungdomshus. Og sidan jagtvej 69 er bnorte, må vi tenkje kreativt, seier Jan frå Ungdomshuset si pressegruppe til nyheitstbyrået Ritzau.

Det var like etter klokka 20 i kveld at aktivistane ropte gjennom megafon at skulen no er det nye ungdomshuset. Fleire av ungdomane sette seg ned på taket, samstundes som politiet dukka opp med fire køyrety.

Det samlar seg i kveld stadig fleire menneske framfor skulen, og ved 22-tida hadde politiet fått nok. Dei gjekk inn med store styrkar og kasta aktivistane ut. Først fjerna dei alle som hadde samla seg utanfor skulen, deretter gjekk dei inn i bygningen. 30 personar vart pågrepne.

Politiet opplyser at dei først prøvde å kome i dialog med aktivistane, men då det ikkje lukkast miste dei tolmodet og gjekk til aksjon.

Dei fleste ungdomane var kledde i svart, og dei spelte høg musikk som var godt høyrbar i heile nabolaget, skriv politiken.dk.

I byrjinga av mars vart fleire hundre ungdomar arresterte etter valdelege opptøyar på Nørrebro i samband med at dei vart jaga ut av ungdomshuset på jagtvej 69, også kalla Ungeren.

(NRK-Ritzau-NTB)