11.02.2012

Rolegare i København

Nørrebro (Foto: Mohammed Alayoubi/NRK)

Politiet var tungt til stades i dei urolege bydelane i Købehavn i natt, og dei greidde å hindre omfattande uro.

Foto: Mohammed Alayoubi/NRK

Det var tilløp til bråk fleire stader i København i natt, men politiet greidde å stanse uroa før det utvikla seg til noko alvorleg.

 

NRK.no/København: Politiet karakteriserer natta som etter måten roleg, og seier at situasjonen er tilbake til det normale i den danske hovudstaden.

Det var fleire eldspåsetjingar i løpet av natta, men politiet var raskt på plass for å hindre at situasjonen skulle utvikle seg ytterlegare.

SJÅ: POLITIET HAR KONTROLL

Ved inngangen til bydelen Christiania vart det tent eit stort bål i natt, men rask aksjon av politiet hindra ei eskalering av situasjonen. 31 personar vart arresterte i denne aksjonen.

 Hjelp av innbyggjarar

I natt fekk politiet hjelp av innbyggjarar på Nørrebro som hindra at bråkmakarane fekk ta ut gjenstandar frå bakgardar og kjellarar som kunne nyttast til å byggje barrikadar. Lokale innbyggjarar deltok også i sløkkinga av dei små brannane i bydelen i natt.

Ved gymnaset som vart rasert natt til i går, stilde mange elevar opp som vakter for å hindre ei gjentaking av det som skjedde natta før. Også innbyggjarar i fristaden Christiania gjekk vakter i natt for å hindre uro.

Gruppa Foreldre mot politivald gjekk var også godt synleg ute i byen i natt, og deira oppgåve var å sjå til at politiet ikkje overdreiv maktbruken mot demonstrantane.

 

Nørrebro (Foto: Mohammed Alayoubi/NRK)

Politiet hadde ein låg terskel for å ransake folk på Nørrebro i natt.

Foto: Mohammed Alayoubi/NRK

 

   - Normaltilstand 

- Vi er no tilbake til normaltilstand, sa polititalsmann Lars Borg til Ritzau ved firetida i natt. Då var det lite folk ute i gatene, og dei mange politifolka kunne puste letta ut. Det var eit svært tungt politioppbod i den danske hovudstaden i natt, og no har politiet og innbyggjarane eit håp om at det skal vere slutt på uroa for denne gong.

Til saman er 643 personar arresterte etter at politiet gjennomførde aksjonen mot Ungdomshuset, i daglegtale kalla Ungeren, på Nørrebro sist torsdag. 218 av desse er varetektsfengsla.

56 unge under 18 år er arresterte, og 20 av desse er varetektsfengsla.

I alt er 140 utlendingar arresterte. 20 av dei er frå Norge, men det er også 20 svenskar og 25 tyske statsborgarar. Det er også fleire frå USA og i frå mange europeiske land.

 

Nørrebro (Foto: Mohammed Alayoubi/NRK)

Politiet og innbyggjarane har håp om at det skal vere slutt på uroa for denne gong.

Foto: Mohammed Alayoubi/NRK

  

(NRK)
Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden

NRK Butikken

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, mandag 13.2. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]

Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programleder: Christian Borch

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK P2, lørdag 11.2. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: vpl@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.