Hopp til innhold

Jyllands-Posten frifunnen

Den danske avisa Jyllands-Posten gjorde ikkje noko gale då dei trykte karikaturteikningane av profeten Muhammed.

Fungerande sjefredaktør i Jyllands-Posten Carsten Juste
Foto: CARSTEN SNEJBJERG / AP

Dette går fram av ein dom i byretten i Århus, etter at det var reist ei privat straffesak mot ansvarleg redaktør Carsten Juste og kulturredaktør Flemming Rose for å ha brote injurielovgjevinga.

Retten fann det ikkje prova at teikningane eller den tilhøyrande artikkelen, kunne utgjere ei personleg fornærming mot nokon av saksøkjarane.

 

Imam Ahmed Abu Laban er ein viktig muslimsk leiar i Danmark.
Foto: Slim ALLAGUI / AFP

Tredje gong

Det er fleire muslimske foreiningar som har trekt Jyllands-Posten for retten, og dette er tredje gongen foreiningane har prøvd å få avisa dømd.

Først prøvde dei muslimske foreiningane å få avisa tiltalt etter blasfemi- og rasismeparagrafane. Dette vart avvist av statsadvokaten i Viborg, men saka gjekk vidare til Statsadvokaten.

 Her vart det gjort ei vurdering av kvar enkelt teikning, og konklusjonen var at ingen av dei var i strid med korkje blasfemiparagrafen eller rasismeparagrafen i straffelova.

Deretter prøvde dei same foreiningane seg med ei privat straffesak for å få Jyllands-Posten dømd for injuriar, men heller ikkje her fekk dei medhald.

Ansvarleg redaktør i Jyllands-Posten, Carsten Juste, er ikkje overraska over dommen.

- Alt anna enn ei klar frifinning ville ha vore ein katastrofe for pressefridomen og media sine vilkår for å oppfylle oppgåvene sine i eit demokratisk samfunn, seier han til Jyllands-Posten.

- Uomtvisteleg rett

- Ein kan meine det ein vil om teikningane og det faktum at Jyllands-Posten har offentleggjort dei, men no er slått fast at vi hadde ein uomtvisteleg rett til å trykkje  dei. Dei muslimske foreiningane har sjølvsagt rett til å anke dommen, men ærleg tala. Eg trur at alle er klar over at denne klare frifinninga er den rette, og den einaste akseptable, avgjerda, legg han til.

Carsten Juste trur ikkje at den klare frifinningsdommen vil tilfredsstille dei islamistiske kreftene som stadig vekk set fram truslar både mot avisa og mot teiknarane.

Demonstrasjon mot karikaturane i Istanbul 12. februar 2006.
Foto: ALI OZLUER / AFP

- Det finst rabiate personar i verda som rett og slett ikkje vil leggje denne saka død, men som i all framtid vil bruk karikaturane til å skape og oppretthalde splid, seier Juste.

Forstår ikkje dommen

Imamane Abu Laban og Kasem Ahmad frå Islamsk Trossamfund har varsla at dei seinare i dag vil kommentere rettsavgjerda på den arabiske fjernsynskanalen Al Jazeera.

- Vi respekterer dommen, men forstår han ikkje. Og vi forstår ikkje at det muslimske mindretalet ikkje blir betre verna i Danmark, seier Kasem Ahmad til Jyllands-Posten.

Han ventar at dommen vil skape uro i den muslimske verda, men han trur ikkje at avgjerda vil føre til ny valdsbruk.

SISTE NYTT

Siste nytt