Hopp til innhold

Bomber på hovudflyplassen i Kairo

Ein mann vart drepen då ei bombe gjekk av framfor eit sjukehus i Egypts nest største by Alexandria.

En mann ble drept da en bombe gikk av foran et sykehus i Egypts nest største by Alexandria tirsdag.

En mann ble drept da en bombe gikk av foran et sykehus i Egypts nest største by Alexandria tirsdag.

To andre vart såra i eksplosjonen, blant dei ein 12 år gammal gut. Angrepet var truleg retta mot eit mobilt kontrollpunkt som allereie var fjerna då bomba eksploderte.

Angrepet skjedde berre nokre timar etter at ei bombe gjekk av i ei handlegate i sentrum av hovudstaden Kairo. (Se video ovenfor)

To bomber er funne på hovudflyplassen i Kairo.

Politiet fann bombene i to terminalar på flyplassen. Dei blei funne ved hjelp av elektronisk utstyr. Politiet går gjennom bilete frå overvakingskamera for å prøve å finne dei som har plassert bombene der. Ingen er førebels arresterte.

Heimelaga bombe

Bomba som eksploderte i sentrum av Kairo var heimelaga, ifølgje politiet. Ho gjekk av klokka åtte norsk tid i eit område med stor trafikk, like ved Tharirplassen. Ingen blei såra i eksplosjonen.

Det er ikkje kjent om det er ein samanheng mellom eksplosjonen og bombefunna på hovudflyplassen.

Det har vore ei rekkje bombeangrep mot soldatar og politifolk etter at president Mohamed Morsi blei styrta av den egyptiske hæren i 2013. Dei fleste angrepa har funne stad på Sinaihalvøya. Førre veke blei 20 menneske drepne der.

Følgjer eit mønster

– Bombeeksplosjonen i dag følgjer eit mønster vi har sett i den seinare tid, seier Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen. Det er stort sett heimelaga bomber som blir brukte. Dei gjer liten skade, men nesten daglege hendingar som dette, skaper frykt blant folk i den egyptiske hovudstaden.

– Det som vil forverre denne situasjonen kraftig, er dersom den kunnskapen og teknologien som blir brukt på Sinai, blir "importert" til Kairo. Dersom same type bomber skulle bli brukte i hovudstaden, ville det bli verkeleg farleg, seier Falkenberg Mikkelsen.

Tryggleiken er skjerpa i den egyptiske hovudstaden etter bombefunna på flyplassen og eksplosjonen i sentrum.