Hopp til innhold

– Hellas er ein fare for verdsøkonomien

Hellas sine nye leiarar er på rundtur i Europa for å oppnå støtte til sin politikk. I London vert dei kalla ein potensiell fare for verdsøkonomien, men landet får støtte frå USA.

Hellas på friarferd

Finansminister Yanis Varoufakis har møtt sine kollegaer i Storbritannia og Frankrike for å fortelje om Syriza. Øvst til venstre er Varoufakis og kollega George Osbourne, og nedst til venstre er han saman med franske Michel Sapin. Statsminister Alexis Tsapris har derimot møtt president Nicos Anastasiades på Kypros og europagruppa sin leiar Jeroen Djisselbloem.

Foto: Afp/Ap/Reuters

– Hellas kjem til å bli verande i euro-sona, sa Hellas' nye statsminister, Alexis Tsipras.

Innanfor EU har det lenge vore frykt for at det nye greske regjeringspartiet, Syriza, skal trekke Hellas ut av euro-samarbeidet, og dermed sette heile valutaen på spel.

Kypros og Hellas i same båt

Men under eit besøk på Kypros i dag, kunne Tsipras forsikre skeptikarane om at slikt ikkje kom til å skje.

– Heile Søraust-Europa vert amputert dersom Hellas og Kypros forlèt eurosona, sa Tsipras, då han besøkte øynasjonen som har særs tette band til Hellas.

Begge landa har vore utsette for særs strenge sparetiltak frå EU, på grunn av stor gjeld til ulike internasjonale finansinstitusjonar.

– Hellas er ein fare for verdsøkonomien

No er Hellas' nye ministrar på friarferd rundt om på kontinentet, for å få støtte til sin politikk. I går var den nye finansministeren, Yanis Varoufakis, på besøk i Paris, i dag er han i London og i morgon går turen vidare til Roma.

Og Varoufakis vert møtt med skepsis fleire stader.

– Eg oppmodar den greske finansministeren til å opptre ansvarleg. Det er ingen tvil om at konflikten mellom Hellas og eurosona er den største trugselen som verdsøkonomien står overfor, sa Storbritannias finansminister, George Osborne, etter møtet med sin greske kollega.

Fryktar domino-effekt

Også i Tyskland er det skepsis, og då særskild til Syriza sitt ønske om å reforhandle ein avtale.

– Me ønskjer suksess for Hellas og grekarane, men vil ikkje akseptere einsidige endringar i avtalen, sa den tyske finansministeren Wolfgang Schäuble.

I EU er det frykt for at ein eventuell ny spareavtale mellom Hellas og EU kan gi ein domino-effekt, slik at andre EU-land med økonomiske problem også kjem til å stille strengare krav.

Får støtte frå Obama

Og Syriza sin braksiger i Hellas har allereie starta prosessar i andre land, som til dømes i Spania, der Podemos, Spanias svar på Syriza, haldt ein stor demonstrasjon i helga.

Men det er ikkje berre kritikk å få for grekarane. Før Varoufakis kom til London, så hadde han fått med seg støtte frå Barack Obama og USA.

Amerikanarane sa natt til måndag at Hellas må lette på sparetiltaka sine, for å sikre ny økonomisk vekst – og det er nett det Syriza vil.

SISTE NYTT

Siste nytt