Hopp til innhold

Ukraina: – Russiske styrker til angrep

Det ukrainske militæret påstår i kveld at russiske styrker skal ha gått til angrep på ukrainske styrker inne i Ukraina. Påstandane er førebels ikkje stadfesta frå andre hald.

Stridsvogn i Tonenke ved Donetsk, Ukraina

Ei ukrainsk stridsvogn køyrer i utkanten av Donetsk. Biletet er meint som illustrasjonsbilete og er teke i går. I dag påstår det ukrainske militære at ukrainske styrker er angripne av russiske styrker.

Foto: Oleksandr Stashevskiy / Afp

Ukrainas militære kalla i kveld inn til ein pressekonferanse på veldig kort varsel. Der vart det sagt at russiske styrker skal ha gått til angrep på ukrainske styrker, nord i Luhansk-regionen.

– På tvers av alle tidlegare avtaler, så vart ukrainske styrker angripe i nord av regulære styrker frå den russiske hæren, sa talsmann for det ukrainske militæret, Andrej Lysenko.

Desse opplysingane er førebels ikkje kommenterte av russiske styresmakter, som tidlegare har nekta for at dei er aktive i konflikten i Aust-Ukraina.

Det er første gongen Ukraina kjem med skuldingar om at russiske soldatar har gått til angrep inne i Ukraina, sidan dei to krigande partane i Ukraina skreiv under ein fredsavtale 5. september i fjor.

Men Ukraina har fleire gonger påstått at Russland forsyner opprørarane med våpen, og at det er fleire russiske soldatar blant separatistane.

I går påstod Ukraina at 700 russiske soldatar kryssa grensa inn til Ukraina. Heller ikkje desse opplysingane er stadfesta frå andre hald.

Det har dei siste dagane skjedde i opptrapping av konflikten i Aust-Ukraina der separatistiske opprørarar har kjempa mot ukrainske styrker. Det har vore særskild harde kampar rundt byane Donetsk og Luhansk.

Utanriksministrane i Ukraina og Russland skal saman med sine franske og tyske kollegaer møtes til samtalar i Berlin i morgon.

SISTE NYTT

Siste nytt